Livsfarleg gang- og sykkelsti

— Det er ikkje aktuelt for oss å sende ungane på skulen dersom ikkje Statens […]

— Det er ikkje aktuelt for oss å sende ungane på skulen dersom ikkje Statens Vegvesen sikrar desse fjellsidene for is. Dersom det ikkje skjer utbetringar er eit alternativ å tinga drosje til elevane. Før gang- og sykkelstien kom, gjekk me alltid på motsatt side av E134, for å unngå dei svære isblokkene om vinteren. Dett ei slik blokk ned, så er det kveld, fastslår Torleif Fjæra i foreldreutvalet ved Fjæra skule.
Fjæra trur den manglande sikringa er ei forgløyming frå Statens Vegvesen si side.
— Dei har hengt opp sikringsnett på ei fjellside som det er lite vatn, medan dei største og fuktigaste sidene er usikra. Dei har sikkert berre gløymt det, seier han.
Foreldreutvalet ved skulen har no bede rektor Kjell Ingvald Matre om å ta opp problemet med kommunen og Statens Vegvesen.
Godt forslag
Sverre Fjæra, Sverre Johannes Rullestad, Erik Rullestad og Jørgen Rullestad, syklar alle strekninga dagleg når dei skal på skulen.
— Det pleier å vera mykje is her om vinteren, så det er ganske skummelt, meiner Erik Rullestad.
Broren, Jørgen Rullestad, har eit forslag på korleis problemet kan løysast.
— Eg synest at nokon kunne klatre opp på fjellet om natta, og hakke laus isen slik at den er vekke når me skal på skulen om morgonen, seier han og smiler. Dei fire gutane og foreldra er elles svært nøgde med den nye gang– og sykkelstien.
— Den nye vegen er blitt ein revolusjon for oss som bur her. Området er også populært for tilreisande. I det siste har det vore ein god del skiløparar frå Odda som har stått på rulleski her, fortel Torleif Fjæra.