Livsverk i aske

Innehavar Kjell Grønstad skulle ha søndagsope på Etne hagesenter i går, men det gjekk ikkje […]

Innehavar Kjell Grønstad skulle ha søndagsope på Etne hagesenter i går, men det gjekk ikkje som planlagd.
— Eg fekk telefonen frå politiet omtrent kl. 00.30 på søndag, då eg låg og sov. Eg måtte berre hiva meg i bilen og køyra ned til hagesenteret med det same, fortel Grønstad.
Heile drivhuset vart totalt skadd og må berre rivast ned. Rekneskap og andre dokument som var på kontoret inni drivhuset, vart også tapte i flammene.
— Eg har ikkje rekna på skadane i pengar, det skal me gjera med forsikringsselskapet på måndag, men det er ei veldig stor påkjenning for bedrifta, seier Grønstad.

Truleg påsett
Politiet mottok meldinga om brannen klokka 00.26, og saman med brannvesen kom dei til staden like etterpå. Då var drivhuset delvis overtent. 45 minutt seinare fekk brannvesenet kontroll over elden og endå ein time seinare vart brannen sløkt. Ingen personar vart skadd av brannen, og det var heller ikkje naudsynt å evakuera naboar til hagesenteret under sløkkingsarbeidet, melder operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Harald Aase.
Brannårsaka er førebels under etterforsking, men allereie tidleg i etterforskinga kunna politiet fastslå ovanfor innehavaren Kjell Grønstad at brannen starta utanfor sjølve drivhuset.
— Trur du brannen er påsett?
— Eg veit ikkje. Men eg hadde ingen omnar eller varmeapparat som stod på og elektrisk styringsskap var også nytt. Derfor er det ikkje heilt utenkjeleg at brannen er påsett, seier Grønstad.
Politiet ber eigarane til ein svart Audi A4, som vart observert i området like før brannen braut ut, å ta kontakt med politiet.

Tapt livsverk
— Eg er meir på jobb enn heime. Derfor er det forferdeleg trist at så mange arbeidstimar har gått tapt, seier Kjell Grønstad.
Det ligg mykje personleg investering bak det ti år gamle drivhuset, som i dag er berre ein haug av samansmelta plast og nedbrent inventar.
— Alt dette vart bygd stein for stein, alt dette vart sjølvteikna og oppbygd. Men no heller har ikkje me råd til å stoppa arbeidet. Det er toppsesong og me skal ha fullt utval til den 17. mai, lovar Grønstad.
Det er fire tilsette ved senteret og ingen av dei vert permitterte på grunn av brannen.
— Me skal driva salet på god gamal torgsalmåte med kasseapparat i eit telt eller noko liknande, seier Grønstad.

Verst tidspunkt
Kjell Grønstad var nyleg med i ein reportasje i Haugesunds Avis. Temaet for oppslaget var at det går som det suser for handelsstanden i Etne. No stiller han opp på bildet i ein mykje tristare samanheng.
— Det var straffa for å stå fram i avisa, seier han med galgenhumor. For han kom brannen på det verst tenkjelege tidspunktet, viss det i det heile teke finst eit bra tidspunkt for brann.
— Det er no den beste tida for salet, så dette er heilt tragisk, seier Kjell Grønstad.