Løfta opp turvegen frå Opheim

Friluftsrådet Vest og Haugesund Turistforening har gått i saman for å laga 1,3 kilometer med […]

Friluftsrådet Vest og Haugesund Turistforening har gått i saman for å laga 1,3 kilometer med ny turveg frå parkeringsplassen Opheim til svingen nedanfor Røde Korshytta på Fjellstøl.
— Prosjektet er fullt finansiert av Rogaland Fylkeskommune , og me har hatt eit flott samarbeid med grunneigarane her, som hjelpte med val av trase og lokalkunnskap om kvar snøen ligg lengst, opplyser dagleg leiar i Friluftsrådet Vest, Oddvin Øvernes.
Turvegen var lagt opp for å unngå dei våte myrpartia i området. Dette vil gje ein tidlegare og lengre skisesong, lovar Øvernes.
— Når terrenget vert heva, vert løypa mykje tørrare og det gjer at snøen held seg lenger, samstundes som det trengst berre litt snø for at det kan vera mogeleg å gå på ski her. På terrenget ved sida av den nye turvegen må ein ha omlag 30 centimeter med snø for å gå på ski, seier Oddvin Øvernes.
Førebels er den nye turvegsstrekning litt for våt til å verta brukt som turløype, men med kuldegrader i lufta vert bakken fast på kort tid.
— Løypa er drenert, og vatnet renn ned i grøftene langs løypa. På våren kjem graset opp og då vert dreneringa endå betre – vatnet vert avleidd ned gjennom grasrøter. Her vert det ein fin tospors skiløype til vintersesongen, og turløype for sommarsesongen. Haugesund Turistforening jobbar med å leggja ut trebord på dei våtaste plassane langs ruta.
— Er løypa klar til bruk?
— Ja, ho er heilt ferdig og når snøen kjem, kan folk gå på ski her. Me kjem til å laga pauseplassar langs løypa slik at folk kan sitja og ta seg litt mat og drikke der, fastslår prosjekt ansvarleg Oddvin Øvernes.
Med den nye turvegen vert det mykje raskare å koma seg til lysløypa.
I nærmaste framtid kjem det også utbetring av vegen opp til parkeringsplassen på Opheim, der ein sving vert utvida. Då vert det lettare for bussar å kjøra opp vegen.