Lokal røyst

Utfordringa hans er å koma inn på Stortinget frå ein tredjeplass. Han treng ein sterk […]

Utfordringa hans er å koma inn på Stortinget frå ein tredjeplass. Han treng ein sterk Høgre-vind i ryggen, men også solid distriktsstøtte, for å fullføra ferda han har gitt seg ut på.

Det som er sikkert er at regionen mellom Boknafjorden og Bjørnefjorden vil vera tynt representert i den komande nasjonalforsamlinga. Og me saknar politikarar av format. Størst er saknet innan samferdsel, der det er spesielt viktig å ha røyster med gjennomslag. Om Kambe kan koma i format med legendariske Kjell Opseth, skal vera usagt, men viljen og gløden for å bli ein markant samferdselspolitikar, det har den unge haugesundaren. Strategiske eigenskapar og kontaktnett er viktig i den storpolitiske andedammen, og der vil ein nykomar ha ein veg å gå.

For ein kvar region vil det framover vera svært viktig å ha sentrale og sterke talsmenn innan samferdsel. Spesielt for eit område som vårt, som er delt av ei fylkesgrense og har ei aust-vest ferdselsåre som knivar om vegmidlane med andre og langt sterkare regionar. Me har sett lite til slike politikarar dei siste åra. Tidlegare har Einar Steensnæs (KrF) og Torhild Widvey (H) vore sterke regionale røyster innan samferdsel. Me såg for oss at Steinulf Tungesvik (Sp) kunne ta denne arva vidare, men hans eigne sytte for at det ikkje skjedde. Difor tar me gjerne imot ein offensiv Arve Kambe på tinget. Men om han greier målet, er me relativt usikre på.

Verkar smart

Vindafjord leitar etter ei betre organisasjonsform. Det verkar smart å redusera talet på «kokkar».