Lykkelaks i moderat opning

Både Etneelva og Vikedalselva har fiskestart 1. juni. Dei første 12 timane fram til klokka […]

Både Etneelva og Vikedalselva har fiskestart 1. juni. Dei første 12 timane fram til klokka 12.00 i dag rapporterer Nick Jacobsen i Etne Laks om 11 laksar som er landa i Etneelva.
— Eg kan ikkje garantere at det ikkje er fleire, men eg har oversikt over dei fleste, seier Jacobsen.
Grunneigar Berge Kjell Opsal i Vikedalselva kan notere ein laks på 4,2 kilo i hølen som vart tatt av Øyvind Rørtveit på føremiddagen i dag. På Grimås-kanten var loggen ein sjøaure i løpet av natta.

Tok to
Heldigast i Vikedal er Rolf Leknes som tok ein laks på 10,3 kilo på Hallingstad. Største fisk i Etneelva var under seks kilo.
— Det kunne vore litt meir vatn, men kald nordavind er nok årsaka til at det ikkje var så sprekt dei første timane. No har vinden snudd og ein kan håpe på at fangstane blir større. Det har livna litt meir til no med høgare temperatur, seier Berge Kjell Opsal.
Ragnhild Risan hadde ein draumestart i Etneelva, og med makk som agn landa ho to laksar på 5,5 kilo og 3,4 kilo på mindre enn to timar i føremiddag i sone sju.
— Eg gjekk heim og la meg i natt, og kom tilbake klokka åtte. Etter to timar slo det til. Eg har aldri hatt ein så god start før, seier Risan.
Ho er blant sluggarane i Etneelva med største laks på 15 kilo i 2002, og ho får rundt 20 laksar i løpet av ein sesong.