«Mamma, eg berre lurte på………»

Ei rolle som av og til kan gje meg både svetteperler, høg puls og passande […]

Ei rolle som av og til kan gje meg både svetteperler, høg puls og passande bluss i kinna. Ofte har eg stått i ein kassakø og overhøyrt både søte og ikkje fullt så søte utsagn frå ungar – og smilt til blussande foreldre som står bak og snappar etter pusten. Eg har smilt og kanskje blinka lurt til foreldra – som eit lite signal: (ikkje stress – det var ein harmlaus kommentar!!) Likevel har eg sett at foreldra kan blusse lenge etter at kassakvitteringa er komen i lomma. «Dei må ikkje ta det så alvorleg!! – har eg tenkt. MEN det er ei stund sidan nå! Du kan sei at eg i ei stund no, har fått erfare å stå på «den andre sida». I kassakøen er det mitt avkom som fyrer av den eine salva – etter den andre. Sjølvsagt er det ikkje vondt meint, men ho har så vanvittig (!) mykje ho «berre lurer på!!!»
Det er travel ettermiddag! Me er på butikken og handlar, klokka nærmar seg 17.00 – og det er sjølvsagt kø i kassen. Sidan min undrande 4-åring for kort tid tilbake blei storesøster, er det friskt i minne med runde magar!! Midt i køen kjem det sjølvsagt: «Mamma, eg berre lurte på…..har hu damo baby i magen sin??» Så var det mine tur! Utan at eg kan hjelpa for det, stig pulsen eit hakk, og eg får eit akutt behov for ei vifte… Dama framfor i køen blinkar til meg og smiler, og ho tenkjer heilt sikkert at eg ikkje må stressa! Då me kjem ut i bilen, prøver eg å forklare til 4-åringen min, at mange damer kanskje synst det er litt dumt om me trur dei har baby i magen – når dei ikkje har det. Me blir einige om at dersom ho lurer på slikt ein anna gong – kan ho heller spør meg, så skal eg svara kva eg trur! God avtale!!
Før me kjører heim, må me svippa innom ein butikk til…..ny kassakø! I køen står ei flott dame, med langt svart hår og svart kåpe «mamma, eg lurte på….om du ôg trur at den damo e ei heks??…..»
Me er vel alle skjønt einige om at ungar skal undra seg. Dei skal ha viterong, og utforske verda! Det er gjennom spørsmål dei får svar, og då er det oss vaksne som er ansvarlege for å svare dei små skikkeleg! Dette er ikkje alltid like lett, både fordi spørsmåla kan vera umulege å svare på. Andre gonger kan det vera vanskeleg å svare skikkeleg, fordi du står der og helst vil synke i havet, eller at du av den enkle grunn helst vil snu deg bort og le så tårene sprutar!!
Av og til kan ein berre riste på hovudet og lura på kor dei får alle spørsmåla frå! Det er gonger eg berre må svare så enkelt som mogleg, berre for å gje eit svar… «Mamma, eg berre lurte på….. E det kveld nå?? Ja, nå er det kveld. Korfor det da? Fordi dagen er slutt. Korfor e dagen slutt nå da?? Fordi dagen må jo slutta – sånn at det kan bli kveld……å ja…»
Andre gonger oppstår situasjonar, der det overhodet ikkje er rom for ytterlegare kommentar! Eg hadde besøk og ute i gangen var det mange par sko. Praten gjekk livleg rundt bordet og 4-åringen min leika litt både her og der. Plutseleg kjem ho inn i stova og har med seg eit par sko. Så spør ho «Kem sine sko e detta, da??» Eigaren av skoparet melder seg – og då kjem jentungen bort til meg og seier (så alle høyrer det – sjølvsagt) «Mamma – lukt oppi den eine da!!»
Ingen kommentar……..
Heldigvis er slike situasjonar, noko alle har, eller kjem til å komma oppi. Dei er harmlause, og når temperaturen har stabilisert seg igjen, kan ein le av det.
Det «høyrer vel til» det alle 4-åringar har å tilby. Kvar alder har sin sjarm – sjølv om ikkje alle situasjonar er like sjarmerande…
Mange episodar har alt funne stad – men mange er nok også i vente. Det skal bli gonger der eg igjen, står i kassakø og snappar etter luft, men eg veit så inderleg vel at eg er så visst ikkje aleine! Eg synst det er så fantastisk godt å sjå på andre sine ungar. Herlege spørsmål, mange sanne utsagn, og mange stressa foreldre med hektiske roser i kinna. Det er slik det skal vera!! Ungar skal ha lov til å lure på så mangt. Så får heller me vaksne tåle å høyre ett og hitt.
Nå er det kveld i heimen, ungane har sove i fleire timar allereie. Likevel kallar pliktene mine… Midt på golvet står snella mi, i nattkjole og med hår som minner om ein oppvaskkost. Ho lurer på om ho kan få sove i senga mi… ho drømte så skummelt!! Eg tar ho på fanget og spør kva ho drøymde. Ho kikkar på meg med trist synst-synd-på-meg-blikk, (og eg veit at ho ikkje har det så fælt. Ho vil berre ligge i senga mi…..) Så svarer ho så trist ho kan…..«Du skjønna´det, mamma – atte eg drømte at du var blitt ein flodhest…» Ingen kommentar…..
Grethe Hopland Ravn