Mange krefter i sving

Billettkøen til marknadsområdet tok aldri slutt og folk strøymde på frå morgon til kveld. Etnemarknaden […]

Billettkøen til marknadsområdet tok aldri slutt og folk strøymde på frå morgon til kveld. Etnemarknaden er noko dei besøkande må ha med seg år etter år, og kjøpelysta er alltid like stor. Sjølv om sola skein på sitt beste og varmen steig på gradestokken utover dagane, var det omtrent like mange besøkande i år som i fjor. Fleire nye arrangement var å finna på årets program, og medan det i år og i fjor har vorte arrangert traktorpulling, så vart det også ein idé å ha hestepulling. — Nå skal me sjå kor mykje hestekrefter det eigentleg er i ein hest, seier Kjell Eidsvåg. På grusbanen står ein fjording klar med ei stor plate bak seg der opp mot ti personar skal hoppe på etterkvart som hesten drar framover. Sju, åtte, ni personar hoppar på før hesten må gi opp etter kring 50 meter. Også med tau skulle dei som ville prøve og halde igjen hesten. Ti små og store menn og damer stod klare med beina fast til grusen. — Det er ikkje småkrefter i denne her sjølv om det er ein mindre hest, seier Eidsvåg medan hesten dreg gjengen bortover til publikums store applaudering.

Sug i magen

Frå tivoliet strøymer det ut musikk, og hyla frå folk i karusellane høyrest på lang avstand. — Det var kjempebra. Sug i magen og nå er eg ør i hovudet, seier Solfrid Hegland (20) frå Matre etter å ha tatt karusellen Move It. Ho og søstera Kristlaug (16) fortel at det er ein tradisjon at dei er på Etnemarknaden. For Jone Sæbø frå Hjelmeland er det derimot første gong. — Eg har høyrt så mykje snakk om det at nå var eg nøydd for å reisa hit. Eg har vore i Etne i ungdommen så eg ville tilbake, seier han. Saman med Frank Salhus frå Haugesund sit han utanfor Bondestova og drøser.

Trillebår med vatn
Ved traktorane er ikkje barna til å rikka. — Kom nå, Bjørn Cato, ropar mamma Gunnbjørg Aarekol til fireåringen. Ho er ikkje åleine. Fleire må kalla ned barna sine frå traktorane for å komma seg vidare på marknadsområdet. — Det er veldig kjekt her. Me har vore her kvart år, må nesten ta ein tur, seier Aarekol. Sigbjørn Tjelmeland frå Etne kjem gåande bortover vegen med ei trillebår med vassflaskar. Han leverer brus og vatn til marknaden, og merkar stor pågang i varmen. — Det har gått enormt mykje vatn. Eg måtte ekstra til Haugesund i dag for å henta meir vatn, seier Tjelmeland laurdag ettermiddag. Han rekna med at det minst ville gå 150 kassar med vatn i løpet av dei fire dagane.

Godt nøgde
Totalt har omlag 37.000 personar besøkt Etnemarknaden i år. 6.400 var innom torsdag og tala viser 7.400 for fredag. Laurdag var som vanleg den beste dagen. — Til og med laurdag var det 28.000 besøkande, og me reknar med i underkant av 10.000 besøkande i dag, seier Sølvi Grindheim Stople sundag ettermiddag. Dette er noko marknadsnemnda er godt nøgd med. For Martha Gro Kaldheim Håland som marknadsgeneral har det vore nokre slitne, men fine dagar. — Det har gått over all forventning og det har vore knallkjekt! Etter mykje slit desse dagane skal det bli godt å leggja seg utan å tenka på marknaden, seier ho. Utstillarane har også gitt tilbakemeldingar om godt sal, sjølv om det til tider tok på med varmen.
 

— Alle tiders, seier Frank Salhus (t.v.)
frå Haugesund og Jone Sæbø frå
Hjelmeland om Etnemarknaden.



Vatnet gjekk unna i varmen, og
laurdag måtte Sigbjørn Rafdal til
Haugesund for å henta meir.


— Aldri ein Etnemarknad utan
gulrøter, seier Karen Margrethe
Flataaker frå Stord.