Barnehage treng meir plass

Både foreldre og styrar i Vikedal barnehage er lite nøgde med ordninga dei nå har […]

Både foreldre og styrar i Vikedal barnehage er lite nøgde med ordninga dei nå har med barnehage på to stader. Ei utbygging av småbarnsavdeling i tilknyting til barnehagen må på saklista snarast, krev dei.
Ei foreldregruppe på fem, er valt av foreldrerådet i barnehagen, fortel leiar for gruppa, Anja Våg Skjold og medlem Ingebjørg Rullestad Gjerde.
— Nemnda er valt for å jobbe for ny småbarnsavdeling i barnehagen. Vi er glade for ei førebels løysing i «Haraldhuset», som kom i haust, men denne må ikkje bli varig. Ikkje berre er dette huset alt for lite. Det står per i dag åtte barn under tre år på venteliste, desse krev 16 plassar. Men «Haraldhuset» manglar svært mange ting for å fungere som barnehage. Personalet har ikkje pauserom, toalett- og garderobeforholda er dårlege, pluss at tilkomsten er trafikkfarleg. Knapt ein bil kan parkere medan barn blir leverte og henta, utan at ein er rett ute i køyrebana. Særleg vanskeleg blir dette når ein har med så små barn å gjere, seier dei.

Ein barnehage
Styrar for Vikedal barnehage, Anna Elisabet Stølsmark, seier ho er glad for at det vart opna ei ny avdeling i haust. Denne gav betre barnehagedekning, men ho legg ikkje skjul på at ordninga er tungdriven, meir krevjande og dyrare for kommunen.
«Haraldhuset» er godkjent fram til august 2006, og foreldra spør om kva som skjer etter dette.
Dei legg fram tal som viser at fødselstala i Vikedal er svært stabile, og at trongen for barnehageplassar vil halde seg høge i åra framover.
— For å få folk til å busetje seg i Vikedal, og for å unngå fråflytting, er det nødvendig med eit godt barnehagetilbod, seier dei.
Åagen og nå er eg ør i hovudet, seier Solfrid Hegland (20) frå Matre etter å ha tatt karusellen Move It. Ho og søstera Kristlaug (16) fortel at det er ein tradisjon at dei er på Etnemarknaden. For Jone Sæbø frå Hjelmeland er det derimot første gong. — Eg har høyrt så mykje snakk om det at nå var eg nøydd for å reisa hit. Eg har vore i Etne i ungdommen så eg ville tilbake, seier han. Saman med Frank Salhus frå Haugesund sit han utanfor Bondestova og drøser.

Trillebår med vatn
Ved traktorane er ikkje barna til å rikka. — Kom nå, Bjørn Cato, ropar mamma Gunnbjørg Aarekol til fireåringen. Ho er ikkje åleine. Fleire må kalla ned barna sine frå traktorane for å komma seg vidare på marknadsområdet. — Det er veldig kjekt her. Me har vore her kvart år, må nesten ta ein tur, seier Aarekol. Sigbjørn Tjelmeland frå Etne kjem gåande bortover vegen med ei trillebår med vassflaskar. Han leverer brus og vatn til marknaden, og merkar stor pågang i varmen. — Det har gått enormt mykje vatn. Eg måtte ekstra til Haugesund i dag for å henta meir vatn, seier Tjelmeland laurdag ettermiddag. Han rekna med at det minst ville gå 150 kassar med vatn i løpet av dei fire dagane.

Godt nøgde
Totalt har omlag 37.000 personar besøkt Etnemarknaden i år. 6.400 var innom torsdag og tala viser 7.400 for fredag. Laurdag var som vanleg den beste dagen. — Til og med laurdag var det 28.000 besøkande, og me reknar med i underkant av 10.000 besøkande i dag, seier Sølvi Grindheim Stople sundag ettermiddag. Dette er noko marknadsnemnda er godt nøgd med. For Martha Gro Kaldheim Håland som marknadsgeneral har det vore nokre slitne, men fine dagar. — Det har gått over all forventning og det har vore knallkjekt! Etter mykje slit desse dagane skal det bli godt å leggja seg utan å tenka på marknaden, seier ho. Utstillarane har også gitt tilbakemeldingar om godt sal, sjølv om det til tider tok på med varmen.
 

— Alle tiders, seier Frank Salhus (t.v.)
frå Haugesund og Jone Sæbø frå
Hjelmeland om Etnemarknaden.



Vatnet gjekk unna i varmen, og
laurdag måtte Sigbjørn Rafdal til
Haugesund for å henta meir.


— Aldri ein Etnemarknad utan
gulrøter, seier Karen Margrethe
Flataaker frå Stord.