Mari overtydde publikum

— Ho er frå Sandeid, og ho har eldraudt blod i årene! Slik blei Mari […]

— Ho er frå Sandeid, og ho har eldraudt blod i årene!
Slik blei Mari Vestbø introdusert av programleiar Solveig Kloppen før andre finalerunde av Idol på fredag. Og Mari er tydeleg stolt over heimbygda si. Norske hits stod på programmet, og aller helst ville Mari ha sunge Sandeid-songen «Hovda» av Matpackers.
— Men eg kunne jo nesten ikkje det, det er jo ikkje mange nok som har høyrt den, sa Mari etter programmet.
I plassen hadde ho valt Briskebylåta «Wide Awake», som tydeleg var eit vellukka val.
— Du gjer ein mykje betre vokalprestasjon enn førre gong. Litt ute av pitch nokre stader, men det gjer ikkje noko, meinte David Eriksen.
Tor Milde var veldig oppteken av skorne. Mari sine punkesko var for kvelden byta ut med rosaskimrande sandalar.
— Er dei å få i min storleik? undra han.
Han var også nøgd med Mari sin opptreden.
— Me treng ei som deg i konkurransen. Du er litt annleis. Dersom du blir stemt ut i kveld, blir eg forbanna.

God vokalmessig
Tone-Lise Skagefoss sa ikkje noko om Mari sin opptreden på programmet, men fortalde etterpå at ho var veldig nøgd med å høyre Mari syngje noko litt annleis enn det ho har sunge tidlegare.
— Mari er jo ei rockejente og det var kult å høyre henne syngje ein poplåt. Ho var god på scena og mykje betre vokalmessig enn førre gong, meinte Skagefoss.
Ole Evenrud var også nøgd, men ville ikkje ha så mykje fokus på at Mari er hans personlege favoritt.
— Eg har fire-fem favorittar, og eg vil ikkje avsløra kven dei er. Då får eg berre kjeft. I første runde av Idol sa eg jo at Kurt kom til å vinna lengje før finalen, då blei folk sure og meinte at resultatet var fiksa, fortalde Evenrud. Han ville ikkje spekulera noko meir på kven som kom til å gå heilt til topps i Idol-konkurransen.

Trist avskjed
— Eg er sjølvsagt kjempeletta, sa den sprudlande Sandeid-jenta etter at det var klart at ho var blant dei ti gjenverande finalistane. Ho hadde likevel tårer i augo då ho måtte ta avskjed med Andrea G. Brændevik, som fikk minst stemmer av dei gjenverande deltakarane.
— No er det veldig vanskeleg å vera glad. Eg har fått utruleg god kontakt med Andrea den tida eg har vore her. Me har lege over hjå kvarandre og ho er den eg har vore mest i lag med dei siste vekene. Eg klarer ikkje førestella meg korleis det blir å vera med vidare utan at ho er med. No håpar eg berre at me kjem til å halda kontakten vidare, sa Mari etter programmet.

Satsar vidare
Ho klarte likevel å sjå litt vidare.
— Neste veke er det soul og r’n’b som er tema. Då skal eg syngja Joss Stone, røper ho.
Ho vil ikkje vera med på at ho bevisst bevega seg vekk frå den mykje omtala rockestilen.
— Det er heilt naturleg at eg syng mykje forskjellig. Me får jo ulike sjangrar som me skal syngja og då kan eg ikkje velja rock kvar gong, slår ho fast.
Det er eit hektisk program for Mari også denne veka. Timar hjå songpedagog, innøving av låtar og nye møte med media.
— Måndag og tysdag øver vi med Vatan, songpedagogen, og Geir som spelar piano. Dessutan skal me møta stylisten. Seinare i veka skal Andrea og eg til Ole Evenrud sitt studio for å spela inn songen vår til Idol-samleplata. Torsdag er me fast i studio for å syngje i mikrofon og øva oss til programmet på fredag, fortel Mari.
Uansett korleis det går vidare, har Sandeid-jenta lært mykje av tida i Idol allereie.
— Ja, me lærer utruleg mange ulike triks for å få ei stødigare stemme, til dømes det å ha støtte i magen, fortel Mari, som aldri før har tatt timar hjå songpedagog.

Gler seg
Mari er kanskje den av deltakarane som har opplevd mest mediekjør, men ho påstår sjølv at det ikkje vert for mykje.
— Nei, denne veka har det faktisk vore veldig roleg. No gler eg meg berre til veka som kjem. Det er alltid kjekt å øva inn nye songar, fortel ho.
Så får vi håpe det blir nok ro rundt Mari også dei komande dagane slik at ho får god tid til å førebu seg på tredje finalerunde.