Dei to sit i nye speidarlokale i Skjold kyrkje og gler seg over meldinga om at dei får kulturprisen frå Vindafjord kommune for 2004. Det er torsdag kveld og speidartid for KFUK og KFUM i Skjold. Sigbjørn har 34 år bak seg i den aktive speidargruppa. Han byrja som 11-åring og har gått gradene sidan. Anne Lise har vore med i Skjold-speidaren dei siste 16 åra. I grunngjevinga for prisen, som ikkje blir delt ut før til jul, går det fram at speidaren har blitt ein livsstil for ekteparet. Den karakteristikken er dei samde i.
— Det er eit familiebruk, legg Sigbjørn til, og fortel at dei tre ungane deira også er med.
Det er nemleg 100 prosent oppslutnad om speidaren i familien Mortveit.
Størst i krinsen
Ekteparet var også aktivt med under innreiinga av dei staselege og særprega tømmerlokala i Skjold kyrkje. No er det allereie fjerde året dei er i bruk, og dei betyr mykje for det gode speidarmiljøet. Eit stort veggmåleri av Flemming Nielsen fungerer som vindauge i kjellarlokalet. Det gjev panoramautsikt frå Gullhaug i Skjold og utover mot Vats.
— Materialet er henta frå skog som kyrkja eig, og pensjonistar i bygda har tørka og saga til panelet. Alt blei gjort på dugnad, også arbeidet med ventilasjon og golvbelegg, fortel Anne Lise.
Patruljane har kvar sine rom, og på veggene heng det tett i tett med diplomar. Denne kvelden er det likevel ikkje mange speidarar i romma. Vårkvelden er fin, og aktivitetane går føre seg rundt ein bålplass i skogen bak kyrkja. Det er no 107 unge medlemmer i speidargruppa i Skjold.
— Me har aldri vore så mange. Me er den største gruppa i krinsen, slår Anne Lise fast.
Trua er drivkraft
Saman med resten av leiarstaben i Skjold, set dei to gruppeleiarane opp semesterplanar og jobbar for å skape eit godt miljø blant dei unge i bygda. Speidargruppa er delt inn i patruljar etter alder og kjønn, men ein torsdag i månaden samlast alle. Då har dei ofte konkurransar, i tillegg til instruksjon innan til dømes byggverk og førstehjelp. Ekteparet Mortveit lærer også dei unge morse, friluftsliv, orientering og kristendom. Dei legg ikkje skjul på at den kristne trua er ei viktig drivkraft i arbeidet deira.
— Dette er også forkynnande verksemd, og trua driv oss. Me vil påverke samfunnet. Speidaren er ein viktig del av kyrkjelydsarbeidet her, slår Sigbjørn fast.
Andakt og bøn pregar likevel ikkje lenger den kristne speidaren på same måte som tidlegare.
Må på sommarleir
— Me får også ein spesiell kontakt med ungane, og me blir kjende me dei på måtar som foreldra gjerne ikkje gjer. Det er kjekt å vere i lag med dei som veks opp, og me gjer det også for at det skal vere eit godt miljø for våre ungar, utfyller Sigbjørn.
For Anne Lise har speidaren blitt noko ho ganske enkelt ikkje kan halde seg unna.
— Når det nærmar seg leir om sommaren, kjenner eg at eg ikkje kan gå glipp av dette her. Det er noko som drar. Det hender likevel eg lurer på kvifor eg gjer dette, når eg står midt i vasking og rydding. Men me blir jo kjende med dei som er med, seier ho.
I tillegg til sommarleirar, er dei to rett som det er på helgeturar med speidarane. Helga i førevegen har dei vore på tur med 28 av dei eldste speidarane. Snøvêr overraska dei, utan at det dempa stemninga.
— Me gjekk til livet i snø, seier Anne Lise om turen som starta på Dueland i Ølensvåg, og gjekk vidare til Vikestølen og Longåsdalen. Overnatting ute under presenning høyrde som alltid elles med.
— Det er opplæring til ansvar det handlar om, meiner ekteparet.
Dei siktar til patruljeinndelinga, der mindre grupper med eigne leiarar tar hovudansvaret, også på tur.
Storpolitikk
Kvart fjerde år er det landsleir, der det internasjonale speidarmiljøet får vise seg fram i all si prakt.
— Eg hugsar særleg godt landsleiren i Mandal i 1990. Då var Berlinmuren nettopp riven. Det var spesielt å sjå to gutar med ulike speidaruniformer gå under same flagg. Då fekk eg ei kjensle av å vere midt i storpolitikken. Me har også hatt israelske speidarar med, som har vore anonyme på grunn av frykt for terror, seier Sigbjørn, som sjølv er aktiv kommunepolitikar i Vindafjord.
Til sommaren går turen til Setesdalen. Der skal speidargruppa i Skjold leggje bak seg 26 mil på sykkel. Den snautt vekelange turen blir ei heilt ny oppleving, og dei gler seg.
— Det er spesielt godt miljø mellom ungdommane her i bygda, slår Anne Lise fast.