Media lite sjølvkritiske

I kjølvatnet av mediedekninga har Noregs Bondelag prøvt å reise ein debatt om mediedekninga. Ein […]

I kjølvatnet av mediedekninga har Noregs Bondelag prøvt å reise ein debatt om mediedekninga. Ein omfattande rapport er sendt rundt til dei aller fleste media landet over. Men nokon verkeleg debatt kom aldri i gang. Med den dekninga WTO-forhandlingane fekk, ville det vere realt av norske media å gripe fatt i kritikken Noregs Bondelag adresserte.

Rapporten vart kanskje lagt i ei skuff med ei vurdering om at dette er eit partsinnlegg som ein kan vente seg frå det haldet, og som difor ikkje er så mykje å bruke tid på. Men evna til sjølvkritikk er ikkje så stor blant journalistar og mediekanalar, og det er difor ein vanleg reaksjon å finne gode forklaringar på at kritikken meir eller mindre er grunnlaus. Ser ein litt på det som vart sagt og skrive i norske media i den mest intense perioden, er det ein god del journalistar som blir tatt med buksa nede. Det var rett og slett for liten kunnskap om saka til å framkalle eit normalt kritisk blikk på kva ein ny handelsavtale for landbruk handla om. Det uvanlege er den massive felles oppfatninga av at norsk bønder er egoistiske og meir opptatt av eiga lommebok enn verdas fattige. Til og med trauste NRK presenterte dette som nøytrale premissar i dekkinga av WTO-forhandlingane.

Ein skal sjølvsagt ikkje ta for god fisk det Noregs Bondelag har på hjartet til ei kvar tid. Det er også grei skuring å vere for frihandel og meir import av matvarer, men det bør skje med flagget til topps slik at det ikkje er tvil om kva ærend ein er ute i. Å skyve verdas fattige framfor seg er derimot eit skite triks.
Bondelaget har lagt fram ei rekkje fakta omkring dagens verdshandel med matvarer som neppe var med i mange journalistar sin bagasje. Om ikkje det vart ein debatt i denne runden, bør norske journalistar ta fram igjen rapporten neste gong det brenn rundt WTO og landbruksvarer.