Via rykte og omtale i lokale/regionale aviser har me fått vita at pasientane ved begge stimuleringsavdelingane (dementavdelingane) ved Ølen Omsorgssenter skal flyttast til Vindafjord sjukeheim i Nedre Vats. Me reagerer med vantru og sinne, og spør undrande: Kan det vera god forvaltingspolitikk å leggja ned to særdeles godt fungerande avdelingar pluss eit nytt storkjøkken etter om lag fire års drift? Meiningslaust!
Ved målretta arbeid, god kompetanse og ikkje minst, interesse for dei eldre sitt ve og vel, har dei tilsette greidd å skapa eit godt og stimulerande miljø. Her er pasienten i fokus. Me pårørande føler oss trygge for våre næraste. Me ser at dei har funne seg til rette og trivest. Personalet har tid til å snakka med dei. Dei les aviser og ser TV-program saman, dei har allsong, og dei høyrer på musikk. Fleire av pasientane tek òg del i aktivitetane på dagsenteret. Romma deira er lyse og fine. Kikkar dei ut vindaugo, ser dei fleste eit landskap dei kjenner. Nesten dagleg er det kjente innom senteret, sentralt som det ligg.
DETTE ER VIKTIGE ELEMENT I STIMULERINGSARBEIDET.
Ved å flytta pasientane til Nedre Vats, vil det bli vanskeleg for mange pårørande å koma på besøk. Fleire køyrer ikkje bil, og den offentlege kommunikasjonen er dårleg.
Er det rett å riva ned alt det positive dei tilsette har fått til?
Er det god personalpolitikk å neglisjera det arbeid og den innsats kvar einskild av dei har lagt ned?
Er det rett å gjera tilhøva vanskelegare for dei pårørande?
Kvifor skal ein flytta dei aller svakaste, dei som ikkje kan målbera saka si?
Anar ein eit kynisk resonnement her?
I denne saka verkar det som mennesket, brukaren, er gløymt, her dreier det seg berre om kroner og øre. Ein «trur» omsorga vert god. Er det nok berre å tru? Burde ein ikkje vita? Er det rett å påstå at ein oppgraderer omsorga når ein i realiteten skal gjennomføra sparetiltak? Kor er logikken?
Det bør vera rom for stimuleringsavdelingar ved BEGGE dei nye sjukeheimane. Det er ei stor påkjenning å bli tvangsflytta til eit ukjent miljø når ein er 80 – 100 år gamal. Me veit at alle desse pasientane allereie har flytta minst to gonger før. Dei fleste reagerer kraftig på eit slikt omskifte. Dei vert urolege, misser matlysta, søv dårleg, og det tar lang tid før dei finn seg til rette. Nokre berre gir opp og visnar bort. Er det slik me vil ha det? Burde dei ikkje få vera i ro dei siste leveåra?
KONKLUSJON: Alle eldre i Nye Vindafjord MÅ få plass ved det omsorgssenteret som ligg i nærområdet deira. Dei må ikkje tvangsflyttast. La dei få bu i heimbygda si. Me KREV difor at dei to stimuleringsavdelingane vert verande ved Ølen Omsorgssenter og at dei vert drivne på same måte som i dag.
Helsing dei pårørande
til pasientane ved
stimuleringsavdelingane i Ølen