Meir enn berre leik

— Me synst det er for lite fokus på barnehagen og kva for funksjon og […]

— Me synst det er for lite fokus på barnehagen og kva for funksjon og mandat den har, seier Christin Sund, styrar i Bjoa barnehage.
Ho siktar mellom anna til forslag regjeringa fremma for litt sidan, der dei ville oppheve lovkrav knytte til areal og talet på barn per vaksen i barnehagen. Men framfor alt er ho uroleg for at barnehagestyrarar vil bli ignorerte når Ølen og Vindafjord slår seg saman. Styrarane i det som skal bli den nye kommunen har fått signal om at det kan bli aktuelt å droppe dei i dei minste barnehagane, og heller la rektorar ta over rolla deira. Saman med Kirsten Hansen, styrar i Sandeid barnehage, og dei andre styrarane i Ølen og Vindafjord, er Sund uroleg for følgjene dersom dette blir ein realitet.
Ungar er lærelystne
— Me er redde for kva konsekvensar dette kan gje med omsyn til fagleg kompetanse. Me synst det er viktig å få fram kva me driv med. Barnehagen er meir enn berre ein opphaldsplass der «tanter» passar på, framhevar Sund.
Dei to styrarane er opptatt av at kvaliteten i barnehagane må takast vare på. Som fagutdanna har dei spesiell kunnskap om den tidlege læringa.
— Heldigvis forstår politikarane og folk flest meir og meir verdien av tidleg læring, til dømes innan språktrening, sosial kompetanse og lesestimulering. Ungar er veldig sugne på læring, og det er viktig å innsjå kor godt det er for barn å gå i barnehage. Politikarane ønskjer tidlegare og tidlegare læring inn i skulane, men me har læringstiltak på gang heile tida i barnehagen, understrekar Hansen.
Ho trekkjer fram all læringa som ligg i leik, og ho bruker eit anna døme: det å dekkje eit bord. Denne eine handlinga kan gje stimulering innan både språk, matematikk, rom, form, hygiene og sosiale evner.
Treng medvitne vaksne
— Viss ungane har medvitne vaksne rundt seg, hjelper det dei både til å få tru på seg sjølve og til å lære samhandling. Ungar lærer heilskapleg. Me jobbar me grunnleggjande læring i barnehagane. Mange ser ut til å ikkje skjøne dette, men me har trass alt ei høgskuleutdanning, seier Hansen.
Både ho og Sund framhevar at fagpersonell i barnehagane også har kunnskap til å fange opp ungar som treng hjelp på eit tidleg tidspunkt.
Dei meiner begge det vil vere kortsiktig tenking å kutte ned på fagpersonellet.
Slik barnehagestyrarane jobbar i dag, er oppgåvene deira fordelte mellom det pedagogiske og administrative. Styrarane er også barnehagane sine andlet ute. Sund meiner det er viktig at den som har dei administrative oppgåvene, samstundes har kunnskap om borna og innsyn i kva som skjer på avdelingane.
Sparer ikkje pengar
— Eg trur ikkje politikarane sparer pengar ved å fjerne styrarane i dei minste barnehagane, seier Sund, som meiner det vil vere uansvarleg av politikarane å gå fram slik dei signaliserer overfor styrarane.
— Viss politikarane vil vise innbyggjarane at dei tar barndommen på alvor, og viss dei vil lokke nye innflyttarar til distriktet, så må dei også ta oss på alvor. Det gjer dei ikkje med dei signala dei sender ut no, framhevar ho vidare.
— Dei må satse på kvalitet, og vise at staden er attraktiv å flytte til, følgjer Hansen opp.
Dei to ønskjer politikarane velkomne til å hospitere i barnehagane deira, så dei kan få innsyn i kva som verkeleg skjer.
— Me som jobbar her ser kor viktig institusjonen vår er. Det er her framtida er, sluttar Sund.