Meir torsk på Raunes

— Me har prøvd og feila eit par år, og meiner at me no har […]

— Me har prøvd og feila eit par år, og meiner at me no har danna grunnlaget for å gå vidare. Me er i gang med planar om å utvide og ventar berre på klarsignal frå kommunen før me set i gang for fullt, seier Sigbjørn Langhelle.
Han har sidan i haust vore einaste tilsette ved oppdrettsanlegget for torskeyngel på Raunes. Går alt etter planen, flyttar anlegget i haust til ei anna tomt på Rauneskaien. Der skal det byggjast nytt klekkeri.
— Me vil få større kapasitet i det nye anlegget. Me vurderer å ikkje berre basere oss på sal av yngel, men også på framfôring av slakteferdig torsk, seier Langhelle.
Frå kveite til torsk
Det var eigentleg kveite som var satsingsområdet då Kjell Inge Kvamen, dagleg leiar i Raunes Fiskefarm AS, og Sigmund Låte starta fiskeoppdrettet 1997.
— Kveita blei for kapitalkrevjande og ustabil. Me fatta interesse for torsk sidan det var noko nytt, seier Langhelle.
Torsk er ei relativt ny oppdrettsnæring på den kommersielle marknaden, og det gjer at mykje av kunnskapen ennå er i utprøvingsfasen. Torskeoppdrett krev også heilt eige utstyr.
— Torsken skil seg frå andre fiskeartar. Den har ein heilt annan start, og ein kan ikkje bruke same utstyret som på til dømes laks, forklarer Langhelle.
Torsk har samanlikna med laks ein meir komplisert framfôringsprosess.
— Laksen klarer seg med tre fôrtypar inntil den er eit gram. I produksjonen av torskeyngel må det ni forskjellige fôrtypar til.
Drar nytte av å vere små
For å møte dei særeigne fôringsbehova til torskeyngelen, utvikla Langhelle og Kvamen eit såkalla microfeeding system; på folkemunne blir den kalla Raunes-feederen. Dette nybrottsarbeidet gav dei to karane oppfinnarpris og god marknadsføring.
— Det finst ikkje eit torskeoppdrett i Noreg no som ikkje har kjøpt dette, seier Langhelle.
Idear til nye oppfinningar kvernar stadig rundt i hovudet på dei to. Styreleiar Randi Irene Rettedal hjelper til med å halde fokus.
— Det er heile tida nye idear på gang. Her er mykje kreativitet, kommenterer ho.
Langhelle meiner firmaet deira drar nytte av å vere ein såpass liten og lokalt forankra aktør, uavhengig av større firma. Det gjer dei meir fleksible.
— Me får betre høve til å disponere tid og krefter på ting som er rekningssparande og nyttige, føyer Rettedal til.
Vanskeleg å få kapital
— Mangel på kapital og risikovilje er noko som pregar oppdrettsnæringa. Måten me møter det på er ved å ta eit steg om gongen, seier Langhelle.
Han legg til at ein aldri blir rik i ein utviklingsfase, men at drifta går rundt. Torskeyngelen frå Raunes har vore levert til mellom andre Atlantic Halibut AS, i tillegg til ei rekkje mindre produsentar. På spørsmål om kva som er dei største utfordringane i næringa deira, svarer Langhelle at det er å skaffe nok kapital, i tillegg til å få yngelen til å overleve dei to første månadane. — I fjor produserte me nærare 200.000 yngel på eitt gram. I det nye anlegget vil me kunne mangedoble denne produksjonen, meiner Langhelle.