Merkbare skulekutt

Me registrerer kraftige kutt i skulesektoren for 2007 i Vindafjord, med signal om ytterlegare kutt […]

Me registrerer kraftige kutt i skulesektoren for 2007 i Vindafjord, med signal om ytterlegare kutt i 2008. Me registrerer òg at Grannar ikkje hadde fått dette tilstrekkeleg fram i sin budsjettreportasje 23. november. Det høver derfor med ein kommentar, slik at budsjettkonsekvensar vert tilstrekkeleg kjent.
I fjor på denne tida var det skulemateriell det gjekk ut over. Posten vart då kutta med ein million. La det no vere sagt at budsjettet for 2007 inneheld positive signal om midlar til nye lærebøker, og IKT- satsing for både lærarar og elevar. Dette gler oss, samstundes som det er opplagt at dette er ei heilt naturleg og naudsynt satsing i tråd med reforma og innføring av ny læreplan.
Ein vanskeleg økonomi for kommunen gjer at kommunestyret i morgon vil vedta å kutta 1,5 million på området spesialundervisning. Dette kom ikkje fram i Grannar sin reportasje. Skal dette takast frå skuleårets start 2007, tilsvarer det seks til sju lærarstillingar. Dette verkar urealistisk og lite ønskeleg. Samstundes fortel GSI–statistikken for inneverande skuleår at talet på lærartimar har gått ned med over 6 prosent.
Vidare les me om «kraftige kutt ved PPT–kontoret.» Me har forstått at der er tenkt ei omorganisering her, men det er uklårt kva som er tenkt, og om det er gjennomførbart og fagleg fundert. Me finn grunn til å minne om at ei fagleg oppegåande PP–teneste er ei lovpålagd oppgåve for kommunane, sidan PP–tenesta forvaltar eigne lovheimlar. Dessutan er jo Etne kommune med på spleiselaget – dei vil kanskje og ha ei meining om slike kutt.
Det er og viktig å ta omsyn til dei tilsette: Dei må føla seg rimeleg usikre på arbeidsplassen sin. Me etterlyser personalpolitisk tenking og omsut når ein tyr til slike formuleringar i eit budsjettskriv.
Kanskje ein skulle starte med ei flytting av PPT–kontoret til Ølen? Det ville gi grunnlag for betre samarbeid, samtidig som det kunne spara både pengar og tid.

Thorleif M. Svanæs
Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Vindafjord