Millionstøtte til Skakkesenteret

Kari Aakra Etter forslag frå styret, gjekk forstandarskapet i Etne Sparebank inn for å støtta […]

Kari Aakra

Etter forslag frå styret, gjekk forstandarskapet i Etne Sparebank inn for å støtta Skakkesenteret med ein million kroner, ein knapp halvpart av heile gåve- og jubileumsfondet i banken, som skal feira 150 år i 2010.
— Me har eit ansvar og ønskte å gje signal om at me vil støtta opp under lokalsamfunnet. Eg håpar denne gåva signaliserer kva rolle me ønskjer å spela for samfunnsbygginga i Etne, seier banksjef Rune Ramsvik.

Historisk?
På det siste møtet som leiar i forstandarskapet, fekk Ingvor Gundegjerde avslutta vervet med å vedta pengegåva til Skakkesenteret. Etter tolv år som leiar, kjenner ho ikkje til liknande gåver til enkeltføremål frå banken.
— Vanlegast har det vore å gje gåver på nokre hundretusen til eit samla føremål, men eg kan ikkje hugsa noko likande dette før. Dette håpar med kan vera eit bidrag frå oss til glede for heile kommunen, seier Gundegjerde, som likevel understrekar at millionen skal brukast til Skakkesenteret.
— Det er det nye kulturhusprosjektet som skal ha desse pengane, og dei skal til dømes ikkje gå til rehabilitering av det nåverande bygget.

Signaleffekt
Styreleiar i Etne kulturhus BA, Nils Halleland, er begeistra for den gåvmilde sjekken frå banken, og håpar næringslivet i Etne vil ta ballen vidare i støtta.
— Eg hadde nok forventningar til pengestøtte, men var realistisk, og trudde gjerne ikkje på ein så stor sum. Banken har her tatt eit klart standpunkt med ei såpass markant gåve, og det avgjerande her er signaleffekten det gir. Me vil leggja breisida til og håpar næringslivet i Etne ønskjer å støtta Skakkesenteret, seier Halleland, som allereie røper at han har fått gode signal frå fleire aktørar i næringslivet, utan at han vil røpa kven.