Min første rotur

Gartneriet hadde to drivhus som låg ved sjøen på vegen mot Øystese, eit stykke frå […]

Gartneriet hadde to drivhus som låg ved sjøen på vegen mot Øystese, eit stykke frå Norheimsund.
Gartneriet hadde blomsterhandel i sentrum av bygda. Til å transportera blomane til butikken brukte ein til vanlig handvogn. Men i dag skulle eg bruka robåten.
Eg var ein ekta landkrabbe som ikkje kunne ro, men det sa eg ikkje noko om til gartnaren – så eg fekk berre la det stå til. Blomane vart lasta i båten og eg var klar til min første rotur – det var eit heilt stykke over fjorden til kaien i Norheimsund. Det var med bankande hjarta eg løyste båten og tok fatt i årane og slapp av garde. Heldigvis var det i kveldinga så mørkre kom sigande på meg. Eg ville helst ikkje att nokon skulle sjå kva som rørte seg på sjøen nå.
Båtferda gjekk i sikksakk med ustø kurs mot lysa eg så på kaien i Norheimsund og tilslutt sa det eit dunk i kaien og eg var vel framme.
Heimturen gjekk noko betre. Eg hadde nå lært noko på min første rotur.


Ingvald Åsheim