Mista førarkortet

Ein bilførar mista førarkortet etter ein laserkontroll i 60-sona i Øvre Vats fredag ettermiddag. Farten […]

Ein bilførar mista førarkortet etter ein laserkontroll i 60-sona i Øvre Vats fredag ettermiddag. Farten vart målt til 88 km/t. Kontrollen varte frå klokka 17 til 19, og fire førarar køyrte for fort.
— UP har mange patruljar ute for tida, og me tek gjerne imot tips om råkøyring, slik at UP kan aksjonera mot det, seier operasjonsleiar Rune Hollekim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.