Mobildekning heilt til fjells

Haugaland Kraft slår to fluger i ein smekk og har fått Netcom med på laget. […]

Haugaland Kraft slår to fluger i ein smekk og har fått Netcom med på laget. Kraftselskapet er i gang med å reise ny høgspentlinje mellom Hardeland og Hjørnås, og skal leggje på ein fiber (breiband) for å få eit betre signalanlegg for fjernstyring.
Dermed blir det også ein transportveg ut av fjellet for ein mobilsendar.
— Mobiltilgangen aukar tryggleiken både for folk som ferdast i fjellet, og sjølvsagt for oss i Haugaland Kraft, seier Helge Søndenå.
Han er kabelmontør og saman med Mads Haugen er han i gang med kraftselskapet sin del av jobben. Ny høgspentlinje er det Istad Energimontasje frå Nordmøre som byggjer.
— Eg trur opp i mot 90 prosent av hyttene i området vil få mobildekning, meiner Mads Haugen.
Ut i desember skal dette arbeidet vere ferdig, og då gjenstår det at NetCom plasserer ut ein sendar.
Ønske
Fiberen blir ført inn til reguleringspunktet på Bassur der den nye mobilmasta blir reist.
— Vi er kjent med at dei som har hytter i fjellet gjerne vil ha mobildekning. Det vil vi også ha nytte av. Difor har vi gjort ein avtale med Netcom om at vi skaffar straum og fiber, medan dei held sendaren, seier Gjermund Mortveit i Haugaland Kraft.
Det spesielle med mobilsendarar er at dei må kommunisere innan synsrekkjevidde. Og denne kontakten finst ikkje i Etnefjellet. Men ved at signala blir ført med fiberen, er dette problemet løyst.
Stort område
I følgje Mortveit har dagens høgspentanlegget og telefonlinje sett sine beste dagar. Det er eit millionprosjekt der det blir bygt tre-fire kilometer med ny linje til Hjørnås, pluss at fiberen blir strekt til Bassur.
— Eksakt kor mange og kor langt sendaren vil nå, vil ein først svar på når den er i drift. I utgangspunktet er det dei som kan sjå han mellom Løkjelsvatnet i nord til Ilsvatnet i sør. Og eventuelt ved gode ekko. Men dette er ikkje mitt fagområde, seier han.
Det planlagde nye hyttefeltet på Hjørnås og i Kyrkjedalen vil dermed også få mobildekning.
Den gamle høgspenten er frå 1955, og mastene har fått råte i tillegg til at tråden byrjar å bli slitt. Den nye vil få større kapasitet enn den gamle.
Den gamle linja blir riven når den nye står klar.