Møter full barnehage

Etter første inntaket stod 17 born utan plass i Skjold barnehage. I tillegg kan det […]

Etter første inntaket stod 17 born utan plass i Skjold barnehage. I tillegg kan det vera fleire som ikkje har fått tilbod om andre vekedagar enn det dei har behov for ut frå foreldra sin arbeidssituasjon.
— 11 ungar fødde i 2005, tre fødde i 2004 og tre fødde i 2003, har søkt i Skjold og ikkje fått plass, fortel Åsmund Børretzen, som har henta inn tala frå kommuneadministrasjonen.

Fembarnsfamiliar
Dei fire foreldra blei frustrerte då dei fekk resultatet av førstegongsopptaket. Det Sandeid-foreldra gjorde for nokre år sidan, har vore til inspirasjon, så dei håpar det hjelper å protestera litt i Skjold også. I mellomtida har ein av dei fått barnehageplass i andregongsopptaket, men ikkje på dei vekedagane foreldra treng det mest.
Barnetala i bygda peikar berre oppover. Det er ikkje uvanleg med fembarnsfamiliar og firebarnsfamiliar i Skjold, fortel dei. Med store barnekull trengst mange barnehageplassar.

Vil ha straksløysing
Etter omorganiseringa i Vindafjord kommune, har Per Ivar Ertresvåg fått tittelen stabsrådgjevar for skule, barnehage og PPT.
— Me har fått i oppgåve frå politikarane å laga ein barnehageplan. Det skal opp i formannskapet i mai og i kommunestyret i juni, forklarer stabsrådgjevaren.
Ertresvåg oppfattar dei politiske signala slik at Vindafjord i størst mogleg grad skal ha full barnehagedekning. Etter at søknadene er behandla er det helst i Skjold og Vikedal det ser vanskeleg ut. Det kan kanskje bli nokre få barn utan barnehagetilbod også i Ølen.

Nageltunet
Som tala syner, er det for dei yngste borna i Skjold at dekninga er dårlegast. Det er full dekning for dei eldre barnehagebarna i alle bygdene, mellom anna fordi eldre born blir prioriterte.
Ertresvåg vil foreslå for politikarane ei løysning der det blir oppretta ei mellombels avdeling for 1-3 år gamle born på Nageltunet i Skjold. Denne avdelinga skal vera knytt til den kommunale barnehagen på Vikaneset, og skal berre vera i bruk frå 1. august og fram til nyttår.
— Det er 17 husvære i Nageltunet, og sju av dei står tomme per i dag. Me har plass nok til å laga ei mellombels avdeling der, fastslår Ertresvåg.

Vil ikkje sabotera
Med atterhald om at politikarane sluttar seg til denne modellen, tenkjer Ertresvåg seg at det frå nyttår blir oppretta ei ny, permanent avdeling for 1-3-åringar i det kommunale legekontoret på Vikaneset, berre eit steinkast frå Skjold barnehage. Då kan den mellombelse småbarnavdelinga på Nageltunet flyttast dit.
Legekontoret i Skjold går ei uviss framtid i møte når Terje Kleiven og Michael Schou opnar privat legekontor i Isvik, og småbarnsforeldra er merksame på faren dersom dei støttar denne strategien.
— Det kan oppfattast som ei sabotering av legesenteret. Det ønskjer me ikkje, poengterer Åsmund Børretzen, som er merksam på at lagnaden til det kommunale legesenteret i Skjold ikkje er politisk avklart.
— Nå når legesenteret er så nær, går barnehagepersonellet dit med barna dersom einkvan treng legetilsyn. Det fungerer godt. Eg fryktar ein situasjon der me blir oppringde på jobb og bedne om å køyra til Vikedal eller Ølen, fordi ungane må til lege, spissformulerer han.
Inviterer til møte
Dei fire småbarnforeldra i Skjold hadde møte med Per Ivar Ertresvåg, ordførar, varaordførar og politikarane i oppvekstutvalet i kommunestyret i går kveld. Møtet blei avslutta etter at Grannar gjekk i trykken.
— Mangel på barnehageplassar er eit luksusproblem. Er det er noko me ønskjer, så er det fleire ungar, så dette må me finna ei løysning på, sa ordførar Arne Bergsvåg før møtet.