Myntar avslørte banktjuv

I løpet av tysdagen var tre personar bak lås og slå, mistenkte for innbrotet i […]

I løpet av tysdagen var tre personar bak lås og slå, mistenkte for innbrotet i SpareBank1 SR-Bank sin filial på Knapphus. Tjuverialarmen gjekk klokka 05.15 tysdag morgon, og personen som var inne i banken fekk med seg nokre tusen kroner i myntar frå eit teljeapparat. Politiet fekk melding eit godt kvarter seinare og rykte ut med patrulje frå Vindafjord og Haugesund.
Flybillett med myntar
Politiet klarte ikkje å identifisere innbrotstjuven på bakgrunn av videoopptak inne i banken, men i løpet av nokre timar var ein 28 år gammal mann frå Suldal i politiet sitt søkjelys. Han er ein kjenning av politiet.
Han vart avslørt då han kjøpte seg ein billett til 15-flyet til Oslo frå Helganes på Karmøy. Mannen betalte billetten med 20-kroningar og vekte dermed mistanke.
— Det var ein observant person på flyplassen som melde frå og vi kunne pågripe den mistenkte og setje han i varetekt, fortel politioverbetjent Arild Austrheim ved Vindafjord lensmannkontor.
I politiavhøyr før fengslingsmøtet i går, nekta den mistenkte for å ha noko med innbrotet å gjere. I fengslingsmøtet vart det lagt fram fleire uoppgjorte saker med politiet.
Bussterminal i Ølen
Det var også tips frå publikum som førte til at det lokale politiet arresterte to mannpersonar som var passasjerar på Haukeliekspressen. Dette skjedde på bussterminalen i Ølen rett før midnatt natt til i går.
Dei to hadde på seg fleire tusen kroner i myntar. Dei to mennene i 20-åra har bustadadresse i Sauda og Haugesund.
— Både myntar og observasjonar tilseier at det er skjellig grunn til mistanke. Resultata frå granskinga på åstaden er ikkje klare enno, seier Arild Austrheim.
Inn vindauge
Banksjef Hans Kristian Torske i SR-Bank i Ølen hadde knapt fått ny rute på plass i filialen på Knapphus før ein potensiell gjerningsmann var tatt hand om av politiet.
— Det er overraskande at det skjedde. Her er folk i nærleiken og banken er synleg frå Europavegen. Alarmen og alle prosedyrar fungerte som dei skal, seier Torske.
Knapphus bensinstasjon i andre enden av bygningen er nattopen, men det er ingen vitneobservasjonar i samband med sjølv bankinnbrotet.
Bankfilialen var stengt heile tysdagen for å sleppe politiet til, og dessutan rydde opp i lokala og skifte rute der gjerningsmannen har brote seg inn.
— Vi heldt stengt også av omsyn til dei tilsette og vi har gått gjennom det som har skjedd, seier Torske.
Banksjefen opplyser at dei vil gå gjennom rutinar og tryggleiken i banken i samband med innbrotet.