Det var bra både for guten, familien hans og sjåføren. Det kunne ha gått så mykje verre. Er det verkelig nødvendig at det skal skje ei stygg ulykke før me får den sterkt etterlengta gang og sykkelstien frå, ja heilt frå Håfoss til Etne sentrum. Nå må de i kommunen prøva å gjera noko. Det hjelper kanskje ikkje, men det er forsøket vert. Det er så unødvendig og heilt bak mål at me skal gå å vera livredde kvar gong me skal sykla eller gå ein tur til sentrum. Dei er det kjæraste me har, desse små, og store, som skal halda på å gå på dette farlege vegstykke. Me vil sjå dei vaksa opp og ta over etter oss når me ikkje orkar meir. Men, det som skjedde i dag sette ein stor støkk i oss her oppe. Kva skjer neste gong. Vær snille og gjer kva de kan de som sit i styre og stell, for at ungane her oppe kan gå trygt på skulen og fritidsaktiviteter. Dei skal jo helst ikkje kjørast. Det blir oppfordra til å sykla og gå, for det er så sunt. Men det er ikkje så sunt å bli påkjørt!
Martha E. Sund
Etne