Denne regjeringa har i sak etter sak med vilje skapt uro og usikkerheit om kva plass den kristne kulturarven skal ha i samfunnet vårt. At Sp kan vera med på dette er ei gåte for mange av oss.
Det kan sjå ut til at regjeringa trur ein kan driva barnehage og skule etter ein objektiv verdinøytralitet. Men det let seg berre ikkje å gå i praksis.
Eg trur ein er på kollisjonskurs med det store fleirtal i Norge. Forslaget til ny føremålsparagraf er eit steg vidare i arbeidet med å bryte ned den kristne kulturarven i landet vårt, og må ikkje verte vedteke i Stortinget.
Einar Grønstad
Sandeid