Det er difor gledeleg at Bygningslovsutvalget og Kommunaldepartementet vil skjerpe kontrollen med arbeidet som blir gjort. Endringar i plan- og bygningslova skal også i større grad plassere ansvaret for mangelfullt arbeid. Offentleg kontroll fører dessutan til at dei som blir offer for feil og manglar står sterkare enn i dag.
For ein del år tilbake kom det endringar i bygningslova som flytta innsatsen frå kommunal bygningskontroll, og over til eigenkontroll for det utførande firmaet. Det gjorde husbyggjaren til ein svak part der alternativet var ein privatrettsleg tvist dersom ikkje byggjefirmaet tok ansvaret og retta opp i manglar. Mange har nok fått grå hår av å måtte kjempe mot useriøse aktørar.
I forslaget skal kommunen få ei meir sentral rolle i kontrollen, og dessutan kunne påleggje at feil og manglar blir retta opp, i fleire år etter at huset er ferdigstilt.
I tillegg skal det opprettast uavhengige kontrollføretak som skal ha tilsyn.
Å utvide kontrollen vil koste, men samfunnet vil også spare pengar dersom det blir gjort mindre feil. Det er dessutan ei forsikring som husbyggjarane bør ha interesse av å vere med på å betale.
Å einsidig prioritere effektivitet og nedtone kontroll og byråkrati, er ikkje alltid det beste for alle partar. Då oppstår det lett eit system der bukken passar havresekken.
Det er difor all grunn til å ønskje meir offentleg kontroll med byggjebransjen velkommen. Ein skjerpa kontroll er eit gode både for byggherren og samfunnsøkonomien.