Nominasjonen i Høgre

Tilsynelatande har me ein ordførar som både har trekt seg og som er sparka frå […]

Tilsynelatande har me ein ordførar som både har trekt seg og som er sparka frå posisjonen. På den andre sida er ein ordførar som likevel ser ut til å ha ein liten gløtt på døra, og som per i dag ikkje vil seia eit soleklart ja eller nei til om han vil vera ein motkandidat til valnemnda sin ordførarkandidat.
Situasjonen har dermed ført til at dei synlege støttespelarane til Amund Enge har gjeve opp kampen for han. Dei signala Enge sender ut har dermed skada han sjølv meir enn nokon andre. Slik det ser ut frå utsida er ordførarvervet blitt meir ein personleg prestisjekamp for Enge, enn ein kamp for Etne kommune sitt beste.

At det skjer ting i kulissane i partiet er det liten tvil om. Lokallaget til Høgre i Etne har fått ein medlemsvekst på over 40 prosent sidan januar. Sjølv om det er naturleg med vekst i eit valår, er dette mykje. Dei fleste nye er truleg komne i februar etter at bråket starta. Om dei nye medlemmene er tilhengjarar eller motstandarar av Amund Enge er ikkje lett å spå, men i og med at fleire varsla tilhengarar ikkje har meldt seg inn er det grunn til å tru at dette er snakk om personar som støttar nominasjonsnemnda sin ordførarkandidat.
At eit listeforslag frå nominasjonsnemnda har vore halden hemmeleg både for medlemmer av partiet og offentlegheita, slik lista til Etne Høgre no er, er også sjeldan kost. Det er all grunn til å stille spørsmål om kvifor ikkje lista toler å bli sendt ut før nominasjonsmøtet om to veker. Hemmeleghald er iallfall ikkje med på å skapa ro i rekkene.

Slik situasjonen er blitt er det likevel ikkje gitt kven som vert Høgre sin ordførarkandidat ved valet til hausten. Først på nominasjonsmøtet 23. mars vil ein få svaret. Mykje kan framleis skje dei nesten 14 dagane. Kor mykje bråket rundt nominasjonen har skada lokalpartiet, får ein først svar på til hausten. Det er likevel all grunn til å tru at partiet går ein tøff valkamp i møtet. Å motivera ei delt parti er ikkje lett, uansett kven som står på toppen av lista.