Det første og viktigaste elementet er å få på plass ein betre internasjonal klimaavtale. Det andre elementet er at Noreg skal yta til reduksjonar av utslepp i utviklingsland og i raskt veksande økonomiar som Kina og India. Til slutt skal innsatsen for å redusera reduksjonen av utslepp i Noreg intensiverast.Det klimameldinga ikkje gjer er å konkret talfeste kva grense Noreg skal ha på utsleppa sine her heime. Klimameldinga er då også prega av å vera lite konkret, og det kan fort enda med at Noreg ikkje kuttar i CO2-utsleppa i forhold til 1990-nivå. Slik sett er klimameldinga feig og langt frå så tøff som ho burde vore.
Denne gongen, som i andre store og viktige saker, er det Ap som har styringa. Dermed har omsynet til industri og næring vunne over miljøet. Dersom regjeringa ville, kunne dei stilt strengare krav til næringslivet når det gjeld utslepp av klimagassar. Det ville sett fart på forsking og satsing på dette feltet. No kan ein enkelt kjøpa seg ut av problema.Eit viktig tiltak som burde vore med er større satsing på elektrifisering av norsk sokkel kombinert med større satsing på meir fornybar energi. Det vil kosta mykje, men for miljøet vil det vera ein stor gevinst å få fjerna mange av dei små gasskraftverka som finst på oljeinstallasjonar i Nordsjøen. I staden vil regjeringa planta meir skog og forby oljefyring på land.
Forslaga som kjem er altså veldig puslete i den store samanhengen. Ein skal ha meir transport over på kollektivtrafikk, og det skal bli dyrare å bruka privatbil. Om det blir noko stor effekt av det, er lite truleg.Litt positivt er det likevel å finna i meldinga. Dersom dei sektorvise klimahandlingsplanar vert følgde opp med nye tiltak og krav, vil ein få ei betring. Det er likevel langt frå nok, og Regjeringa burde våga meir enn dette – spesielt så lenge SV sit med miljøvernministeren. Men SV som miljøparti viser seg førebels berre som ein illusjon, slik andre norske parti som har satsa på miljøsaka også har gjort det.