Offensiv for bygdekvinner

Reed blei vald inn i styret i fylkeslaget i vår, etter fleire aktive år som […]

Reed blei vald inn i styret i fylkeslaget i vår, etter fleire aktive år som medlem og leiar i lokallaget i Skjold. Hovudsatsinga denne hausten er å auke medlemstalet, som i dag er på 1.600 i Rogaland. Oppmodinga til lokallaga er å tenkje kreativt for å inkludere fleire i aktivitetane laga driv i bygdene.
— Me bruker å ta nokon skikkelege vervekampanjar på hausten. Målet er å ha fått nye medlemmer til leiarmøtet i november, seier Reed.
Så langt har likevel ikkje nye medlemmer meldt seg til lokallaget i Skjold denne hausten.
— Me håpar på å få med yngre kvinner, og i fjor rekrutterte me ein del i lokallaget vårt, held Reed fram.
Reiser utanlands
Arrangering av utanlandsturar er eit nytt innslag i bygdekvinnelaget i Rogaland, og i august var ein gjeng på sykkel- og kanaltur i Holland.
— Den turen var populær. Frå Skjold var det tre som var med, seier Reed.
No er det bylivet som er målet for bygdekvinnene, og i mars går turen til Budapest. Kultur, historie, kurbad og massasje, god mat og god drikke står på programmet då. Men lokkande reisemål ute forhindrar ikkje at den norske fjellheimen ennå står ved lag.
— Dei siste åra har me også vore på sykkelturar på Rallarvegen, fortel Reed.
Satsinga på ferieturar og friluftsliv er ledd i ei fornying av bygdekvinnelaget, samstundes som dei meir tradisjonelle syslene framleis er aktuelle.
— Me tar vare på og formidlar kultur og tradisjonar. Me prøver for tida å få til eit vevkurs i lokallaget, og til jul baker me potetkaker og lefser som me sel.
I tillegg engasjerer lokallaget i Skjold seg i helse- og kyrkjeliv. Det arrangerer også studieringar og samarbeider med 4H og bygdelaget.
Ikkje ta jula frå oss
— Før heitte me bondekvinnelag, men no heiter me bygdekvinnelag. Dette signaliserer at me er opne for alle kvinner som bur i bygdene, framhevar Reed, og legg til at det berre er nokre få lokallag igjen som held på det tradisjonelle namnet.
Tidlegare i år hadde fylkeslaget eit prosjekt på gang der dei kartla butikkane i fylket sitt utval av lokalprodusert mat. Her gjekk ein butikk på Klepp av med sigeren. No jobbar styret med å arrangere kurs, og både tryggare lokalsamfunn, personleg utvikling og kreativ tenking kjem opp som tema før jul. Noregs bygdekvinnelag kjem også med forslag til tema som fylkes- og lokallaga kan jobbe vidare med. For tida oppmodar sentrallaget mellom anna om å ta fatt i ein kampanje dei kallar «Ta ikkje jula frå oss». Gjennom den ønskjer dei at bygdekvinnene skal motverke trenden med at jula kjem tidlegare og tidlegare på plass i butikkhyllene og andre stader kring oss.
— Det er iallfall nok å gripe fatt i, kommenterer Reed.
Ho reiser ein dag i månaden på styremøte i Stavanger, og årlege landsmøte høyrer også med i styrevervet.
— Det er kjekt å vere med i styret, der får eg med meg mykje som eg ikkje får som vanleg medlem, avrundar ho.