Ølen-bassenget i fare

Rådmann Helge Thorheim meiner Vindafjord kommune har behov for å ha eit symjetilbod til innbyggjarane. […]

Rådmann Helge Thorheim meiner Vindafjord kommune har behov for å ha eit symjetilbod til innbyggjarane. Men han meiner at kommunen ikkje har råd til to symjeanlegg. Difor føreslår han at politikarane må leggje ned symjehallen i Ølen.
— Torsdag diskuterte me dette i Oppvekstutvalet som oppmoda kommunen å ta drifta til Vindafjordhallen med i budsjettet. I følgje Oppvekstutvalet har denne symjehallen det største potensialet. Dette forslaget inneber at symjehallen ved Ølen skule blir lagt ned, påpeiker rådmannen.

Reagerer på nedlegging
— Eg vart rett og slett sjokka då eg høyrde dette. Først snakkar dei om å auka trivsel på skulen, så legg dei ned symjehallen, seier Lars Ove Vestbø, representant for FAU i Ølen.
Han er far til tre og kan skriva under på at ungar har berre godt av å ha symjing på læreplanen.
— Dei har det veldig kjekt og dei lærer å symja, legg han til.
Sveinung Arnestad frå Ølen IL vil visa at behovet for symjehallen i Ølen er stort, og han inviterer alle frå halvtårsalderen og opp til sjuandeklassen, til symjegruppa på torsdagar.
— I løpet av det siste året har Ølen IL vurdert å starta eiga symjeopplæring for ungar. Medlemane tok ein del symjekurs, og førstkommande torsdag er me i gong. Då kan folk komma for å bada, opplyser Sveinung Arnestad.
Målet med symjegruppa er å halda fram med symjeopplæring i Ølen, slik at innbyggjarane slepp å reisa andre stader.

Kjem med forslag
— Me meiner at det må gå an å dela på midlane mellom dei to symjehallene i Vindafjord. Dersom symjehallen i Ølen vert lagd ned, må elevane ta buss til Nedre Vats. Det vil seia at mykje av tida vert brukt på transporteringa, og i tillegg kjem det kostnadene for skyssen, seier Sveinung Arnestad.
Arbeidsutvalet for Foreldrerådet ved Ølen skule (FAU) vil heller ikkje akseptera rådmannen sitt forslag om å leggja ned symjehallen ved skulen. Rådmannen meiner at Vindafjordhallen skal haldast ope ni månader i løpet av året. FAU ved Ølen skule kjem med eit anna forslag til kommunestyret i morgon, nemleg å korta opningstida til Vindafjordhallen til 7 månader. Ifølgje FAU, vil dette redusera driftskostnadene med 300.000 kroner.
I skrivet som FAU vil senda til alle politiske grupper i kommunen, kjem det fram at bassenget i Ølen er meir oversynleg og tryggare enn i Vindafjordhallen, og dermed passar betre til symjeopplæring av dei yngste elevane.
— Me treng eit symjetilbod på dei mørkaste månadene på året, frå oktober til påske. Etterpå plar me å stengja dørene for besøkjande, seier rektor ved Ølen skule, Tor Kalleklev.
— Vert ikkje flisene i det tomme bassenget øydelagde slik det skjedde i Vindafjordhallen?
— Nei, fordi me plar ikkje tappa ut vatnet. I stengeperioden står det utan korkje oppvarming eller kjemikalar. Vatnet vert reinsa og oppvarma før starten av ein ny sesong, seier Tor Kalleklev.

Eit dårleg signal
Fredag vart det gjort klart at Oppvekstutvalet har slutta seg til rådmannen sitt framlegg til kommunestyret. Dette er eit tydeleg signal på at bassenget ved Ølen skule, som dette skuleåret vart nytta av sju skular i Vindafjord, kan verta stengt.