Ølen kommune takkar for seg

Noko særleg festivitas var det ikkje. Arkeolog Heidi Handeland si orientering om gamle ferdslevegar i […]

Noko særleg festivitas var det ikkje. Arkeolog Heidi Handeland si orientering om gamle ferdslevegar i framkant av møtet, samla langt fleire tilhøyrarar og tok mykje lengre tid enn sjølve møtet.
Straks ordførar Arne Bergsvåg klubba i gang det spesielle møtet, forsvann alle tilhøyrarane så nær som tidlegare ordførar Endre Heggen. Han ville gjerne ha med seg dette aller siste møtet i Ølen kommunestyre.
Saknar kveldsbuss
Alle tre sakene på saklista gjekk unna utan debatt i ordets eigentlege tyding. Tone Hatteland (H) orienterte om arbeidet i utvalet for positiv oppvekst. Ho fortalde at ungdommane etterlyser ei bussrute frå Ølen via Vågen til Bjoa i ni-ti-tida om kvelden. Med eit slikt busstilbod, ville dei lettare kunna ta seg heim etter at dei har vore på kveldsaktivitetar i Ølen. Ein gang- og sykkelsti langs E134 mellom Ølensjøen og Ølensvåg stod også høgt på ønskelista.
Sakna økonomistyring
Roald Årvik (Vbl) kjende trong for å seia kva han meinte om økonomistyringa i kommunen. Han fekk både dei folkevalde og administrasjonen til å trekkja på smilebandet, sjølv om det ikkje nett var skryt å få for dei som har lagt økonomiske planar for Ølen kommune desse to siste åra.
Årvik fortalde at det å sitja i kommunestyret var som å vera flypassasjer, der flymannskapet fortel at dette kan aldri gå bra, fordi flyet kjem til å gå tomt for drivstoff høgt oppe i lufta.
— Når me kjem fram dit me skal, så viser det seg at av og til er det så mykje bensin att, at me må sleppa av litt for å kunna landa. Og andre gonger landar me i glideflukt. Og så takkar me mannskapet fordi me er komne heilskinna ned, endå til dei har skræmd vettet av oss utan grunn, brumma Årvik.
Trass i dette hjartesukket, støtta kommunestyret framlegget til budsjettjustering, og godtok budsjettkontrollen samrøystes, utan noko som kan kallast debatt. Ordføraren tok på seg å forsvara administrasjonen.
— Me har bestilt ein for lang tur. Turoperatøren har sagt at me kan reisa til Spania, men me vil reisa til Afrika. Eg har forståing for frustrasjon blant dei folkevalde. Det har vore ein særs vanskeleg situasjon. Per 1. november ser det ut til at me skal nå til Afrika likevel, sjølv om reisa har fortona seg slik som Årvik beskreiv, sa Bergsvåg.
Reguleringsplanen klubba
Reguleringsplanen for Osen vart samrøystes vedteken. Det vart den siste avgjersla i det aller siste møtet i Ølen kommunestyre.
Deretter stod det berre att for ordførar Arne Bergsvåg å heva møtet.
Dei folkevalde reiste seg og song Fagert er landet, og gjekk heim, kvar til sitt.