Ønskjer fellesbygg

I august i år sende Ole Martin Grindheim brev til Etne kommune der han ber […]

I august i år sende Ole Martin Grindheim brev til Etne kommune der han ber om kommunen sin hjelp til å få tomt til eit nytt næringsbygg. Han vil samle dei to bedriftene sine under eitt tak.
Etne Auto held i dag til på eit to–tre dekar stort område på Tongane og Etne Lakk i Sæbøvikjo på 4,5 dekar. Desse områda vil i tilfelle nybygg bli frigjorte. Dei to bedriftene har til saman åtte årsverk.

Fleire kommunar
Ole Martin Grindheim har i tillegg til brev til Etne kommune også vendt seg til Vindafjord kommune, seier han. Ønskje hans begge stader er å få ei tomt ved E134.
Førstevalet hans i Etne er området ved E134, i forlenging av bustadområdet vis a vis Etne senter. Elles kan han også sjå området aust for senteret som aktuelt.
Grindheim treng fem dekar for å realisere planane sine, og han understrekar at han ikkje har noko avtale med grunneigarar per i dag.
I Vindafjord er det området aust for Ølen sentrum som har fanga interessa hans.

Etterlyser hjelp
Ingen av områda Ole Martin Grindheim ser for seg til næringsbygg er per i dag regulerte til næringsføremål, og han er klår over at dette kan ta tid.
Men det er då han etterlyser hjelp frå kommunen.
— Eg meiner ein kommune ikkje må stoppe fordi om det ser vanskeleg ut. Dei skal jobbe for fellesskapet, og eg meiner kommunen må regulere på sikt. Når eit område er frigjort, vil sikkert andre òg etablere seg der. Alle veit slike ting tek lang tid. Difor må prosessen starte, meiner han.

Treng meir areal
Etne næringsstyre har hatt møte med representantar frå næringslivet i kommunen. Både på Tongane i Etne og på Leknestangen i Skånevik er det trong for meir areal.
Rådmann Elling Hetland fortel at det på møtet kom fram at fleire av dei etablerte bedriftene på Tongane ønskjer meir areal. Særleg gjeld dette Maritime Contracting Etne AS (MCE), som har trong for å utvide.
— Men skal dei få utvide slik dei ønskjer, må ei ny regulering til, seier Hetland. Hamre A/S treng også meir plass, men for dei har situasjonen blitt betre etter at vegen ned til industriområdet vart flytta.
— Korleis vil kommunen løyse dette?
— Vi må sjå på arealet på 4,6 dekar vis a vis industriområdet lengst ut mot elva. Utfordringa her er at dette ikkje er regulert til næring, så for å få dette frigjort må det regulerast.

Enklare i Skånevik
Når det gjeld området ved E134 der Ole Martin Grindheim ønskjer å etablere seg, seier Elling Hetland, at dette er ei utfordring.
— Kva tidsperspektiv ser du for deg?
— Ei vanleg regulering tek eitt år, men her er mange ting inne i bilete som landbruksavdelinga i fylket, miljøavdelinga, grunneigarar og vegvesenet. Men næringsstyret må jobbe vidare. Det er ei stor utfordring så lengje kommunen ikkje rår over arealet, seier Hetland.
I Skånevik er det også utfordringar. Det må skaffast meir plass på Leknestangen. Her er det særleg Skånevikstrand Maskinstasjon som ønskjer plass.
— Men her ligg det inne i kommuneplanen, så det er enklare. I prinsippet er arealet på Leknestangen frigitt frå Fylkesmannen, seier Hetland.