Ope brev til stiftelsen Vestnorsk Senter/Etne Kommune

Etne kommune var så med på å oppretta stiftelsen Vestnorsk senter. Formannskapet valde fem personar […]

Etne kommune var så med på å oppretta stiftelsen Vestnorsk senter. Formannskapet valde fem personar som skulle driva denne stiftelsen. I 1995/96 fann så stiftelsen ut at garden skulle drivast økologisk. Dette skulle verta eit mønsterbruk og eit fyrtårn innafor økologisk landbruk på Vestlandet. Det var ikkje måte på djerv språkbruk. Eg er sikker på at propagandaministeriet i Nord Korea hadde kvidd seg for å ta slike store ord i sin munn. Ein forpaktar skulle ta seg av alt det praktiske arbeidet. Høymola og andre praktiske ting kan jo ikkje dei store strategane ta seg av. Vi har då folk til slikt.
Stiftelsen har nå «drive» Etne Jordbruksskule i snart 14 år. Dersom det er heile forretningsideen å driva garden så er det vel like bra å selja ut, utan å ha fem offentlege utnemnde personar pluss ein forpaktar til å gjera jobben? Eller endå verre – økonomisk – å leige ein mann til å gjera jobben.
Nå er det ikkje kvar dag at eg kjem opp med ein god idé heller, men viss det går 14 år utan at ein kjem opp med ein idé, ja då slit ein. Viss ein reknar ei årleg forpaktingsleige på ca. 100.000 kroner, vert den samla innbetalte leiga på 1,4/1,5 millionar. Dette pluss dei 600.000 kr i «startkapital» skulle gje mykje pengar på bok, eller?
Ei slik økonomisk årelating av eit gardsbruk, vil på sikt føra til økonomisk ruin – i alle fall når ein veit at løa frå 1950 står for fall i ordets rette forstand. Traktoren, som stiftelsen eig, er ein gamal Ford 4000 tohjulstrekk. Med dagens prisar på jordbruksprodukt er vel dette økonomisk rett, men neppe heilt egna til dagens krav til effektivitet.
Kva har då stiftelsen Vestnorsk senter/Etne kommune for planar for Etne jordbruksskulegard? Og då meiner eg konkrete planar og ikkje luftslott i det blå.
PS. Akademikarar med forkjærleik for ord som nisje og innovasjon, oppfordrast til å søkja på stillinga til forpaktar. Det vil sannsynlegvis gå med 3500 til 4000 arbeidstimar årleg.

Asle Kaldheim