Opnar mot fjorden

Styrar ved Sandeid Handelslag, Gunnar Håland fortel at når siloane og bygget på baksida blir […]

Styrar ved Sandeid Handelslag, Gunnar Håland fortel at når siloane og bygget på baksida blir fjerna, er planane å byggje leilegheiter på tomta.
— Ja, det er engasjert eit arkitektfirma som er i gang å teikne utkast til prosjektet, som skal romme åtte leilegheiter.
Styret i handelslaget har handsama saka, men har ikkje kome lenger enn til planleggingsstadiet. Det er ikkje sendt inn byggjesøknad, og ein må også søkje om bruksendring når det gjeld området, seier han.
Håland fortel at interessa for leilegheitene er stor i bygda, og at det vil bli høve både til å eige og leige desse når dei står ferdige.
Når, leilegheitene vil stå ferdige, kan han ikkje seie.
Leilegheitene vil få ei unik utsikt mot fjorden, og Håland ser ikkje bort frå at det på sikt kan bli bygd fleire leilegheiter i området.

Landemerke
Når siloane blir borte om omlag fem veker, forsvinn eit landemerke i Sandeid. Det er Felleskjøpet som eig siloane, som dei har leigd grunn til av handelslaget. Kostnaden med å fjerne siloane, vil kome på rundt ein million kroner. Denne kostnaden blir delt mellom Felleskjøpet og Sandeid Handelslag. Det er firmaet A/F Decom som står for rivinga, og stålet går til Haugesund gjenvinning.
Siloane har ikkje vore i drift på fleire år.
— Dei vart lagt ned i tida då salmonellafaren var på sitt største for ein del år sidan. Felleskjøpet blanda ubehandla og behandla mjøl i fóret sitt. Dette vart forbode. Det vart kravd berre å ha behandla fór, og siloane vart lagt ned. Seinare vart kraftfóret frakta med båt til Sandeid, men for omlag fire år sidan begynte alt fóret å bli frakta med bilar frå Stavanger direkte rundt til produsentane, fortel han.