Opninga sprakk for symjehallen

Etter ei stund med motgang for Vindafjordhallen, såg dagleg leiar Bente Hongnaland fram til nyopning […]

Etter ei stund med motgang for Vindafjordhallen, såg dagleg leiar Bente Hongnaland fram til nyopning 31. oktober. Men no må dei til med ein ny runde med reperasjonar av fliser.
— Dette var ikkje kjekt. Vi har hatt god respons på at vi skulle opne bassenget igjen, og mange har gledd seg til å få bade. No må dessverre gjestene smørje seg med tolmod ei stund lenger. Opninga blir truleg utsett ein månad, men vi har ikkje oversikt over kor omfattande skadane er, seier Hognaland.
Ekspert denne veka
Det er gjort ein god del utbetringar og reperasjonar i det siste for å kunne ta imot badegjestar, mellom det skifting av ein del fliser i bassenget og garderobar. Men etter at det hadde stått vatn i bassenget i ei god veke, oppdaga Hognaland at fliser sprakk opp fleire stader i bassenget.
— Vi skal ha ein ekspert til å sjå på skadane denne veka. Det kan vere at bassenget har stått for lenge utan vatn i, seier ho.
Vindafjordhallen stengte bassenget i starten av mai og har stått tomt i nesten fem månader. Det er eit ikkje ukjent fenomen at basseng som står tomme for vatn får problem på grunn av uttørking som fører til at fliser sprekk opp. Typisk nok ser det ut til at flisene er pressa opp når underlaget har trekt til seg vatn igjen.
Raskt som mogleg
Hognaland opplyser at dei har hatt god hjelp av lag og organisasjonar til å fiffe opp hallen. Men både legging av fliser og fornying av diverse anlegg i bassenget kostar pengar.
— Vi får håpe skadane ikkje er for omfattande. Vi fekk 250.000 kroner i tilskot frå kommunen i haust, så vi skal klare dette. Men det er pengar vi kunne brukt til drift, og vi taper inntekter på at bassenget blir stengt lengre enn planlagt, seier ho.
No ser ho fram til å få unna reperasjonane så fort som mogleg slik at det igjen kan blir liv i bassenget.