Oppgave for staten

Til å byrja med blei denne form for vegfinansiering møtt med store protestar. Ikkje minst […]

Til å byrja med blei denne form for vegfinansiering møtt med store protestar. Ikkje minst frå bilistane som meinte dei betalte nok i vegskatt allereie. Men etter kvart har protestane stilna og fleire og fleire godtar at skal det bli fart i vegutbygginga, er det ingen veg utanom bompengar. Spesielt ille er det på Vestlandet. Det er ikkje mange mil mellom kvar bomstasjon. Dei fleste bilistane har alt investert i brikker som gjer det lettare, og litt billegare, å passera bommen.

Illusjonen om at det du betalar i vegskatt går til nye vegprosjekt og vedlikehald og opprusting av eksisterande vegar, er tapt for lenge sidan. Vegskatten går inn i den store potten og mykje av den blir nytta til alt anna enn veg. Men me hadde ein illusjon om at bompengane gjekk dit dei skulle. Nemleg å betala ned på det aktuelle sambandet det blir kravd bompengar for.
Men medieoppslag sist veke om kritikkverdig rekneskapsførsel og avsløring av eit pengeforbruk som ikkje toler dagens lys i mange bompengeselskap, har tatt frå oss den illusjonen også. Blant dei 46 lokalt åtte bompengeselskapa her i landet, er Sunnhordland Bru- og tunnelselskap, som finansierer Trekantsambandet, eitt av dei verste.

Det er Statens vegvesen som gjennom intern revisjon, har avdekka ei pengesløsing utan like. På bilistane sine vegner ber om at det blir rydda opp i desse forholda snarast og at dei som har stått for sløseriet blir stilte til ansvar.
Me stiller eit stort spørsmål til at nærmast kvart vegprosjekt skal ha sitt eige bompengeselskap. Sjølv utan avsløringa om ellevilt pengeforbruk i enkelte selskap, må det vera fordyrande med så mange selskap. Me forventar at våre sentrale samferdslepolitikarar ryddar opp i floraen av private bompengeselskap. Etter vår meining er det nok med eitt bompengeselskap, og det bør drivast av staten. Ikkje minst for å sikra ein skikkeleg revisjon av drifta.