Oppgradert omsorg i nye Vindafjord

Rehabilitering/habilitering Ei eiga rehabiliteringsavdeling vil bli tilført nye ressursar gjennom kommunetilsette fysio- og ergoterapeutar. Dette […]

Rehabilitering/habilitering
Ei eiga rehabiliteringsavdeling vil bli tilført nye ressursar gjennom kommunetilsette fysio- og ergoterapeutar. Dette vil gi betre hjelp til pasienten for å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne. Oftare tilbakeføring til sjølvhjelp i eigen heim må vera eit ideelt mål. Det vil også bli tatt sikte på kapasitet til å ta mot dagpasientar og å gjera heimebesøk. Ei utvida rehabiliteringsteneste omfattar difor også eit utvida og oppgradert

Dagtilbod
Ølen Omsorgssenter har alt i dag eit svært oppegåande dagsentertilbod til så vel bebuarar som heimebuande. Ei teneste svært mange nyttar seg av, finn trivselsfremjande og ein auka livskvalitet igjennom. Tenesta førebyggjer einsemd og depresjonar, og slik eit aukande behov for institusjonplassar. Planen tek høgde for å opprette eit tilsvarande senter ved Vindafjordtunet, samt tilføra begge spisskompetanse gjennom nye terapiressursar.
Sjåførar tilsvarande 80% årsverk vil bli tilsett.

Demensavdeling
Både i Ølen og Vindafjord nyt demensomsorga godt av svært kvalifisert fagpersonell. Gjennom ei felles avdeling samlar ein desse ressursane i eit større fagmiljø som opnar for å spissa kompetansen også her, samt muliggjera meir fleksibel bruk av fagressursen. Ein muliggjer også eit meir tilrettelagt dagsentertilbod for demente.

Sjukeheimsdrift
Ei meir rasjonell kjøkkendrift vil bli naudsynt for å kunna gjennomføre desse oppgraderingane. Dette treng ikkje få merkbare endringar på avdelingane. Prefabrikert mat frå eit produksjonkjøkken ved ein av sjukeheimane, får ikkje rettferdig definisjon i det me til vanleg omtalar som «oppvarma mat». Maten blir laga etter prinsipp som ikkje endrar kvaliteten merkbart. Fleire kommunar rundt oss har gjennomført, eller planlegg slik kjøkkendrift, – event. kjøp av mat frå andre kommunar. Ved å gjera dette grepet nå kan me sikre kjøkken i eigen kommunen for framtida, samt kunna tilby sal til andre.
I planen tek ein sikte på at «den andre» sjukeheimen skal ha bemanna «sekundærkjøkken». Maten skal ferdiggjerast og serverast varm på avdelingane og utkjørt til heimebuande, som i dag. Ei framleis bemanna kjøkkenteneste kan òg som i dag ta omsyn til bebuarar med spesielle behov. Ølen har i dag ei oppegåande kantine- og kafedrift. Hovud- og sekundærkjøkken vil framleis kunna yta begge institusjonar same service til kafe-,kantine- og dagsenterdrift som i Ølen i dag.
Som ein vil sjå legg planen meir vekt på å få meir og betre omsorg ut av felles ressursar, enn maksimal innsparing. Dette ut frå intensjonen om best mulig tenestetilbod i den nye kommunen vår.
Med den framifrå og idealistiske personell- og pleiarressursen me er så heldig å råda over, er eg overtydd over at visjonen for pleie- og omsorgstenestene, blir nådd:
«I Vindafjord kommune skal det være godt å bu, sjølv om ein er ramma av sjukdom eller funksjonsvikt. Pleie- og omsorgstenestene har kvalitet og omsorg i fokus, og ressursane skal brukast fleksibelt, til beste for brukarane.Tenesta skal av dei tisette opplevast som ein triveleg, utviklande og lærande arbeidsplass.»

Oddvar Haugland,
ordførarkandidat for KrF