Oppsagde i gode tider

Etter at Norsk Protein i Sandeid blei stengt i slutten av mars, er berre Mattingsdal […]

Etter at Norsk Protein i Sandeid blei stengt i slutten av mars, er berre Mattingsdal og Kåsin nå igjen for å rydda opp, men snart er det slutt. Dei syntest det var surt å bli sagt opp, men meiner dei trass alt er heldige som mista jobben i gode tider.
— Vil du ha jobb i dag, får du jobb, meiner Mattingsdal.
— Det er plenty med jobbar her i distriktet etter som eg kan sjå i annonsar og i diverse kanalar. Ølen er eit stort industrisentrum så det er ikkje verste plassen å bli arbeidsledig, seier Kåsin.
Analysekonsulent Stein Arild Grønås ved Aetat Rogaland stadfestar at det er gode tider.
— Skal ein vera arbeidssøkjande er det ei glimrande tid nå. Det har ikkje vore betre sidan 1999, seier han.
Ved utgangen av mars var det 60.000 ledige stillingar i landet, i følgje utrekningar Bergens Tidende har gjort.
I Rogaland er arbeidsløysa rekordlåg. I mars var arbeidsløysa 2,2 prosent og det er 36 prosent lågare enn i mars i 2005. I Hordaland var arbeidsløysa 2,9 prosent og det er ein nedgang på 21 prosent frå i fjor.
Fleire jobbtilbod
2. mai blir Kåsin åleine på det tidlegare destruksjonsanlegget. Då forlet Mattingsdal han til fordel for jobb som assistentlærar ved Ølen vidaregåande skule.
— Det blir utfordrande og spennande, seier Mattingsdal, som har fått eit to månaders vikariat.
Mattingsdal tok ein runde til fleire verksemder i distriktet i mars for å orientera seg om jobbsjansar. Han fekk fleire tilbod.
— Eg opplever det som lett å få jobb i dag, seier han.
Dei fortel at dei aller fleste av dei tidlegare kollegaene deira har fått seg ny jobb. Også Norsk Protein har vore hjelpsame med å tilby dei hjelp til å finna nye jobbar og gitt dei støtte til kurs, seier Kåsin.
Gode prognosar
Kåsin blir på Norsk Protein til juni. Han har ikkje fått seg ny jobb, men har heller ikkje stressa med saka.
— Bekymrar du deg for at du ikkje har jobb?
— Nei, eigentleg ikkje. Eg må jo søkja meg jobb. I mai må eg nok byrja, men eg tenkte å ta ferie først, seier Kåsin.
Dei to mennene er samde om at dersom arbeidsmarknaden hadde vore verre, ville dei nok ikkje vore så avslappa.
— Det er klart det hadde vore noko heilt anna, seier Mattingsdal.
— Då måtte me nok lea meir på oss, fastslår Kåsin.
Men prognosane vitnar om at dei gode tidene held seg framover.
— Alle prognosar me har, viser at det blir endå færre ledige. Det heng saman med aktivitetsnivået i olje- og gass-sektoren. Når det går godt der, drar det med seg underleverandørar i andre bransjar, seier analysekonsulent Grønås.
Opplysningar Aetat har henta inn frå arbeidsgivarar i distriktet der dei spør om talet på tilsette i dag og talet på tilsette om eit år, er også positive.
— Ein klar majoritet seier at dei skal opp i talet på tilsette, seier Grønås.