Optimistisk geitebonde

Jan Haslemo har nyleg tatt i bruk det nye mjølkeanlegget sitt. Her mjølkar han nå […]

Jan Haslemo har nyleg tatt i bruk det nye mjølkeanlegget sitt. Her mjølkar han nå 48 geiter om gongen. Her skal 250 geiter mjølkast dagleg fram til om lag 1. juli. Då flyttar han i lag med dyra opp til Dyrskar på Haukelifjell.
Annan kvar dag kjem tankbilen og hentar geitemjølka og køyrer henne til Tine sitt ysteri på Haukeli. Her blir mjølka til Chevre-ost og til frosen curd, som for det meste blir eksportert til USA som pizzaost.
— Det er nok likevel Chevre-osten som blir best betalt, og som me og dei tener best på, seier Jan Haslemo.

4,7 millionar
Inne i mjølkestallen er det nå opplæringstid. Geitene skal lære seg å gå på bås, på rett bås. Det spesielle med heile opplegget er at geitene skal gå på den innarste båsen, stikke hovudet gjennom opninga, for å få mjøl. Etter «domino-prisnippet» opnar denne geita for neste geit, som så opnar for neste og så vidare. Og belønninga er mjølet. Etter kvart som dei finn plassane sine, lyder det ei stille nøgd mekring.
Mjøl er godt!. Utfordringa er at tidlegare var det berre om å gjere å finne seg ein bås, fortel bonden. Men nå gjeld «Ordnung muss sein-prinsippet». Skal tru om geitene, som oss, tenkjer – Åh! Denne omorganiseringa!
Fjøset til om lag kr. 4,7 millionar vart ferdig i fjor. Mykje av dette har Haslemo stått for sjølv. Tømmeret er felt i eigen skog, skore på eiga sag, snikra saman til modular på «Saga» – eit par hundre meter lenger inne i dalen. Modulane er så reiste på byggeplassen, og har altså gitt plass til 250 geiter og 200 sauer. Har stort sett berre leigd litt snikkarhjelp og så sjølvsagt elektrikar. I tillegg kjem arbeidet med å støype og montere tak på dei store siloane.

Lange dagar
Kjea går inne i eigne båsar og litt på «frigang». Det yrer av herlege små. Så søte at ein berre må stenge ute tankane på at deira liv blir korte Berre 70 av dei får leve vidare, får oppleve det herleg frie geitelivet på stølen på Nupshadlene ved Dyrskar.
Men, om vi tenkjer økonomi, og det må ein geitebonde gjere, så bør kjea ikkje bli slakta før dei veg fem kilo slaktevekt. Då får bonden litt tilskott for dei, og då er dei så store at dei kan brukast til mat, gourmetmat, herleg lyst geitekjøt Jan Haslemo har eit romsleg forhold til arbeidsmiljølova. Lange dagar blir det, vedgår han i ei bisetning. Kor lange, vil han ikkje utdjupe. Likevel lyser det arbeidsglede av denne karen. Kjærleik til dyra, ekte interesse for det han driv med, gleda ved å skape noko og ikkje minst gleda ved å treffe menneske, treffe kundane oppe i Dyrskar
— Kjøparane er 80 – 90 prosent stamkundar, kundar som kjem att år etter år. Det er ein stor del av løna mi, det å møte nøgde, hyggelege kundar.

Livet på stølen
Ny jord er lagt under plogen. Sjølv om Jan Haslemo framleis er ung, så har han nådd å dyrke mange dekar innover i Aurdal, der skogen har måtte vike for saga og gravemaskina hans. Ikkje veit skrivekaren nok om arv og miljø, men han veit at interessa for sau kan ha blitt vekt i samarbeidet med bestefar Jon Haslemo og bestemor Brita. Den eldre generasjon sauebønder vil nok hugse premiesauene frå Aurdal. Onkelen Kolbein kan også heilt sikkert ha bidrege til å vekke denne interessa.
— Å reise på stølen er som å få oppleve to vårar, seier 33-åringen. Me har nett lagt våren bak oss, og kjem på eit vis til ein ny vår her oppe. Her kjem ikkje våren over natta, men først når snøen smeltar og trekkjer seg attende. Ein kjølig vår og førsommar gir best beite. Det beitet som veks til der snøen nett er borte er veldig bra.
Då me var her oppe ein vakker dag i september, var det ei fin oppleving å sjå geitedrifta kome ned fjellsida mot stølen for å bli mjølka. Den gongen var det om lag 125 geiter vi møtte. Neste år vil vi talet nesten vere dobla. Haslemo blir varm i røysta når han snakkar om stølslivet. Geitene trekkjer gjerne tre – fire kilometer bort frå stølen. Dei kjem ned av seg sjølv for å bli mjølka. Om dagen er sur og våt, går dei ikkje langt. Då kjem dei også tidleg ned.

Blant dei største
Her sel geitebonden rømme og verdas beste geitost. Han har selt kyrne, men kva då med rømmen?
— Eg får prøve å leige nokre, slik at eg også kan tilby rømme.
Då vi var der hang mjølkespanna på veggen, slik dei skal gjere på ein støl. Men, den gamle «ystekjelen» er borte. Erstatta av moderne utstyr. Likevel har han greidd å få med den gode gamaldagse smaken. Hemmelegheita er kvalitet i alle ledd. Er produktet godt og seljaren hyggeleg og blid, går salet strykande. Sjølv om «budeia» er borte og er erstatta av Jan.

Få geitebønder
For ein som stort sett berre kjenner geitebonden frå litteraturen, er det naturleg å spørje litt om geitebønder. Kor mange geitebønder er de her i området?
— I Vindafjord er me berre to – elles om lag 20 vest for Haukeli. Me har godt samarbeid i faglaget vårt. Likevel trur eg det er få som vert rekrutterte til yrket. Eg besøkte ein geitebonde på Møre, som hadde om lag like mange som meg og han brukte ein time og eit kvarter. Eg håpar at eg kan kome ned mot det når eg og geitene blir samkøyrde. Må få montert ferdig alt utstyret – t.d. automatisk/datastyrt fôring av kraftfôr. Då bør dette gå, svarer ein optimistisk Jan Haslemo.