Ord i tida

Kvifor ikkje døypa om eldre, einslege hjelpetrengande til soningsfangar, og bustadene deira til fengsel? Jøye […]

Kvifor ikkje døypa om eldre, einslege hjelpetrengande til soningsfangar, og bustadene deira til fengsel?
Jøye meg, kor mykje løye det kunne bli når forsvarsadvokatane kom springande, med stresskoffertane fulle av menneskerettar.
Høyr her, norske politikarar og rådmenn! Dette går ikkje lenger!
Berre ein person på vakt? Uforsvarleg! — Fjernkokt og oppvarma mat?
Kjem ikkje på tale! Dei innsette skal ha høve til å velje!
— Må dei eta åleine? Uansvarleg. Tenk på den psykiske påkjenninga!
— Reinhald to timar i månaden? No er det rett før helseråd blir alarmert!
— Nei, godt folk. I fengsel skal det vera skikkeleg reinhald. Regelmessig legetilsyn. Faste besøkstider. Einsemd kan føra til depresjonar, i verste fall til tap av liv. Sosial kontakt er livsviktig. Det er jo menneske me har med å gjera!
Å du verda! Då kunne me sitja der med personvern, PC og mobil, og halde jamnleg kontakt med slekt, venner og likesinna.
Kom igjen, advokatar!

Astrid Genberg