Organist på dugnad

Der eg tidlegare budde i fleire år hadde me same stoda. Men det kom til […]

Der eg tidlegare budde i fleire år hadde me same stoda. Men det kom til ei ordning med lokale musikarar – både fiskarar, bønder og lærarar som organiserte gratis «organistarbeid› – og presten hadde avtale med grannekommunar om leige av kantor i visse høve. Desse dugnadsorganistane var både unge og gamle og av begge kjønn. Dette var ei god ordning til glede for kyrkjelyden. Så vidt eg har høyrt finst det dyktige amatørmusikarar i Etne som hjelper til utanom kyrkja – både i venelag og i bedehus. Sjå om desse finst og vil vere med i ordning som «dugnadsorganistar» til liturgi og salmesong i kyrkja og kom fram til ordning med nabokommunen sine kantorar om støtte og hjelp i særskilde høve. Så sparer de pengar også.. .

Andreas Bulod,
Aksdal