Ørjan Strand Eikeland vann alt

Junioren Ørjan Strand Eikeland frå Øvre Vats var i ein klasse for seg på Vikedal […]

Junioren Ørjan Strand Eikeland frå Øvre Vats var i ein klasse for seg på Vikedal Motorbane i helga, og vann alle sine fem innleiingsomgangar, før han til slutt gjekk til topps i A-finalen. Det var ingenting å seie på konkurransen, heile 25 førarar stilte til start i klassen, og NMK Vikedal-førarane Egil Nybøe og Jan Kåre Frøyland hadde fleire ti poengarar. Men altså Ørjan Strand Eikeland og Folkevogna hans var i ein særklasse denne gongen.
— Eg har vunne i tre omgangar før, men aldri fem, seier ein svært nøgd Ørjan Strand Eikeland, som dermed rykte opp på ein andreplass i Vestlandsmesterskapet.
No ønskjer han å satse vidare i denne meisterskapen, der han har størst sjanse til ei topplassering, men først skal han til Gol.
— Eg skal køyra på Gol i juli og på Vikedal Motorbane i august før Vestlandsmesterskapet går vidare i september.
Folkevogna, som han har kjøpt av Per Gaute Østbø, fungerte perfekt i helga.
— Ingen problem med den, og heller ikkje det at det blei ganske varmt på søndag såg ut til å påverke motoren.

Mista bilen
I tillegg til at todagarsløpet på Vikedal Motorbane er eit populært, men vanskeleg løp å gå til topps i, med heile fem innleiande omgangar før finalen, var løpet i helga også kvalifisering til Landsfinalen i bilcross for seniorane. Landsfinalen er eit løp som samlar dei beste førarane i bilcross frå heile landet, og går i år på Lyngås Motorbane ved Drammen, som er ein svært populær bane å køyre på. Berre dei seks beste frå løpet i helga får tilbod om å vere med her, og både Per Gaute Østbø og Kenneth Johansen, begge frå Ølen, var blant dei seks som fekk køyre A-finale.
— Me har nådd målet vårt for denne helga, sa dei begge før finalekøyringa, og etterpå var dei ikkje mindre blide, sjølv om Kenneth Johansen måtte reise heim utan bil.
— Slik er reglane i bilcross, at kven som helst kan kjøpe bilane som er med i løpet for 8.000 kroner. Det var åtte bod på min bil og han som vart trekt ut var frå Flisa, så dei kjem langvegsfrå for å kjøpe bil.
Escorten som Kenneth Johansen har køyrd med i år, bygde han opp frå botn av i vinter. No blir det av garde for å kjøpe seg ny bil slik at han er klar til Landsfinalen som går 26. august.
— Eg reiser austover til Kongsberg om fjorten dagar for å sjå etter bil der, enten min eigen eller noko anna, eg er open for det meste.
Per Gaute Østbø kunne reise heim til Ølen med sin Skoda, men han har vore i same situasjon som Kenneth fleire gonger.
— Mista nok ein 8 – 10 bilar i den perioden eg køyrde Ascona og Golf, men Skodaen med Volvo-motor og girkasse frå Folkevogn blir nok for komplisert for mange, og dermed er ikkje interessa like stor for ein slik bil, seier Per Gaute, som i vinter gjorde nye heimelaga forbetringar på bilen.
— På grunn av girkasse frå Folkevogn og bremsetromlar frå Skoda måtte eg køyre med samansveiste drivakslingar frå Skoda og Folkevogn tidegare, og desse heldt ikkje. No har eg skifta ut tromlane slik at eg kan køyre med reine folkevognakslingar, og det ser ut til å fungere betre.
Nøgd med resultatet var han i alle høve.
— No kan eg få meg ein tur til Lyngås, og sjølv om eg nok ikkje har særlege muligheter der er det artig berre å vere med.

Over 100 bod
Interessa for å køyre bilcross er stor for tida og etter løpet på søndag vart det lagt inn 104 bod på bilane som var med. Med eit gebyr på 300 kroner per bod gir dette også pengar til klubben.
— Heilt topp at det er stor interesse, og med så mange bod som i helga gir dette også eit godt bidrag til klubbkassa, seier leiar i bilgruppa Glenn Olav Lothe, som kunne bokføre over 20.000 kroner i bodgebyr.

Rallycross nasjonal
Det vart også køyrd rallycross nasjonal under todagarscrossen. Her låg Terje Steinnes frå Sandeid lenge på ein tredjeplass i store nasjonal før han måtte gi seg og vart ståande.
NMK Vikedal-førararane Rune og Sigmund Lutsi vart nummer ein og to i minste klassen, medan Håvard Helland og Arnt Olav Lillesund, begge NMK Vikedal, vart nummer to og tre bak Steinar Stokke NMK Bergen i store nasjonal.