Overflod av boss

Det er eit tilbod som kvar enkelt av oss må betale ekstra for per sekk […]

Det er eit tilbod som kvar enkelt av oss må betale ekstra for per sekk i tillegg til den faste renovasjonsavgifta.
Vi har sansen for prinsippet om at den som har ekstra med boss kan betale litt for å bli kvitt det. Men når det blir innført stykkpris på boss, blir det pengar å spare ved å kvitte seg med bosset på uortodokse måtar. Det blir paradoksalt nok meir å hente økonomisk på å misbruke miljøstasjonar og bosscontainerar, eller naturen.

Om den nye ordninga fører til mindre press på miljøstasjonane, gjenstår å sjå. Det er ingen tvil om at desse stasjonane blir misbrukte, men det ser ikkje ut til at det er vanleg restavfall frå det daglege hushald som fyller opp. Men heller grovavfall i dei utrulegaste variantar. Alt frå gamle kjøkken, møbler, bilbatteri og dunkar med olje. Slik ser det ut i Etne og Ølen av og til, og det er eit tilbakevendande tema i media.
Det er eit bevis på at det i alle fall er enkelte som gir blaffen så lenge dei blir kvitt bosset sitt. Men å ta vekk containerane på miljøstasjonar er eit dårlegare alternativ enn at dei blir misbrukte.

Ved årsskiftet innførte Toraneset Miljøpark avgift for folk som leverer grovboss på deponiet ved Ålfjorden. Det er vanleg rundt om på landets avfallsplassar. Det er heller inga stor avgift.
Men det er ganske langt å køyre til Toraneset for mange, og avstanden blir i seg sjølv ein spore til å finne alternative måtar til å bli kvitt overflødige ting på. Toraneset bør difor finne meir kreative løysingar slik at folk kan bli kvitt grovbosset sitt rundt om i bygdene, betalt av fellesskapet.