Overlegen siger til GrannKam

Fotball 4. divisjon avd. 2 Ølen Stadion GrannKam – Nærbø 4–0 (0–0) 62. min. Stian […]

Fotball 4. divisjon avd. 2 Ølen Stadion
GrannKam – Nærbø 4–0 (0–0)
62. min. Stian Haugland
72. min. Stian Haugland
77. min. Stian Haugland
87. min. Andreas Hustveit
To gule kort til to Nærbø-spelarar
Dommar: Arne Tveit Katla, Sveio

Etter at GrannKam hadde tapt dei tre siste seriekampane, stod mykje på spel då dei møtte Nærbø på Ølen stadion fredag kveld.
Nærbø låg like bak GrannKam på tabellen, og med siger kunne dei gå forbi, difor var dette ein svært så viktig kamp for heimelaget.
GrannKam var overlegne alt frå avspark. Men om dei kom til sjansar, var dei noko tamme i avslutningsfasen. Dette førte til at det ikkje kom til scoringar i første omgang.
Friskare etter pause
Då laga entra banen etter pause, var det tydeleg meir vilje til å score. Og spelet gjekk for det meste føre seg på den eine banehalvdelen og framfor Nærbø-målet. GrannKam sin keeper hadde lite å gjere.
Det låg lengje ei GrannKam-scoring i lufta og 62 minuttar ut i kampen, scora Stian Haugland. Dette gjorde han to gonger til, og enda opp som tremålscorar og dermed ekte hattrick.
— Han er ein viktig spelar som avgjer kampen framfor mål, seier ein nøgd assistentrenar Nils Erik Eide. Det fjerde målet scora Andreas Hustveit i det 87. minutt.
Ein god dag
Heile kampen var GrannKam overlegne, og på spørsmål om dei er så mykje betre enn Nærbø, svarer Nils Erik Eide at Nærbø er eit godt lag, og at dette kan tyde på at GrannKam var på sitt beste fredag. Han nemner spesielt høgreback Dan Jensen som var sterk i duellane og som hadde svært gode pasningar.
— Han er positiv og får dei andre med seg. Dan har vore stabil heile sesongen, seier Eide.
Hovudtrenar Ståle Berge var også svært godt nøgd etter 4-0 sigeren. Han nemner spesielt nykommaren Sigbjørn Tysvær frå Vats på midtbanen, som gjorde ein god kamp.
— Han har vore ein fin tilvekst i GrannKam denne sesongen, seier han.
Men begge trenarane er samde om at dette først og fremst var ein kollektiv siger.
Det einaste dei har å utsetje, er at det er så få som ser på ein slik offensiv og god fotballkamp.
— Publikum kan faktisk vere ein ekstra spelar på eit lag, minner dei om.