Overraska med ny båt

Askeladden med påhengs og tralle er verd over 70.000 kroner, og plutseleg kom Victor Carlsen […]

Askeladden med påhengs og tralle er verd over 70.000 kroner, og plutseleg kom Victor Carlsen jr. i Skånevik lionsklubb svingande inn på tunet på Øvre Berge i Ølensvåg med båten på slep.
— Har du loddet er denne båten din, sa Carlsen til ein måpande Knut Severin Berge.
Han vende blikket spørjande om hjelp mot kona Gunda Berge. Etter ei stund på pinebenken kom loddet til svars og båten var hans. Gunda Berge hadde tatt lodd i ektefellen sitt namn, og ho var med på spøken då Skånevik lionsklubb ville ta den uvitande loddkjøparen på senga.


Midt i blinken

— Dette var overraskande, nesten meir enn eg kan tole. Vi har ein gammal, liten båt, så dette var midt i blinken, sa Knut Severin Berge etter at han hadde fått summa seg. Han var den einaste i tunet som ikkje visste at førstegevinsten var på veg.
Hovudgevinsten vart kjøpt ved Ølen senter nest siste dagen lionsklubben selde lodd, og det var blikkfanget av båten som fekk Gunda Berge til å bruke ein femtilapp.
Victor Carlsen jr. er godt nøgd med resultatet av loddsalet som starta i april. Overskotet er 80.000 kroner, det går mellom anna til Beitostølen og arbeid mot narkotika.