På plass i Murmansk

I samband med opninga av Ølen Betong AS sin nye fabrikk i Murmansk var om […]

I samband med opninga av Ølen Betong AS sin nye fabrikk i Murmansk var om lag 25 personar frå Noreg på plass. Av desse 12 personar frå Ølen Betong, fortel Steinar Skartland på telefonen frå Murmansk.
I alt 100 gjester var på plass i fabrikkhallen under opninga med gjester frå både Russland og Noreg.
— Russiske myndigheiter er med, blant dei ordføraren både på Kola og i Murmansk by. Det norske konsulatet er representert, Innovasjon Norge og ordførar i Vindafjord, Arne Bergsvåg er her, pluss representantar frå andre norske bedrifter i Russland, fortel Skartland.
Om kvelden var det bankett på hotell Ogni Murmansk, der dei tilreisande vart presentert for russisk kultur gjennom blant anna song og musikk.

Aviser støypt ned
I tillegg til klypping av snor, vart også eit skrin med aviser støypt ned i grunnen.
— Blant desse er denne veka sitt måndagsnummer av Grannar og Haugesunds Avis, fortel Steinar Skartland.
Han fortel at dette er ei stor hending i Murmansk også. Onsdag morgon var representantar frå Ølen Betong på russisk TV.
— Ja, dette er stort her også. Det er ikkje kvar dag ei norsk bedrift opnar her, seier Skartland.

Ser mot Sthokman
Det er mykje som skjer i og rundt Murmansk. Murmansk er eit interessant område for Ølen Betong på grunn av oppbygging og rehabilitering av distriktet, og ikkje minst det gigantiske olje- og gassfeltet Sthokman i Barentshavet.
— Vi ser fram til vere med å vere med i dette, seier Skartland.