Pærebrann i Vikebygd

— Det er eit dårleg teikn at sjukdommen spreier seg innover i landet, seier Reidar […]

— Det er eit dårleg teikn at sjukdommen spreier seg innover i landet, seier Reidar Bjordal, landbrukssjef i Ølen kommune.
Han viser fram ein av dei sjukdomsramma plantene i Vikebygd, og han forklarer at det er Mattilsynet som har ansvaret for oppfølging og tiltak. Det er to år sidan sist den svært smittsame plantesjukdommen blei oppdaga i Vikebygd, og den gong blei dei sjuke plantene fjerna med det same.
I følgje Nils Melbøe i Mattilsynet kan utbrota som no er oppdaga, vere ei følgje av at smittepartiklar frå den gong likevel har blitt igjen i området.
Satsingsfelt
Pærebrannbakterien utviklar seg raskt og spreier seg lett, og både regn, bier og fuglar er smitteberarar. Import av planter og beskjæringsutstyr kan også vere kjelder til smitte.
— Ein måte å spreie smitten på er ved planteflytting, og dette kan vere ein mogleg årsak i Vikebygd. Planteflyttinga kan likevel ligge fleire år tilbake i tid, forklarer Melbøe.
Frykta er at sjukdommen skal spreie seg til område der det dyrkast frukt, eller til planteskulenæringa. Melbøe forklarer at sidan sjukdommen skuldast ein bakterie, har ein ikkje noko å halde den nede med.
I følgje landbrukssjefen i Ølen er det eit satsingsfelt frå statleg hald å få kontroll med sjukdommen. I regi av Mattilsynet og Planteforsk Plantevernet blei det i 2003 gjennomført eit overvakings- og oppreinskingsprosjekt, og det blei laga til ein rapport som er tilgjengeleg på internett. Det blei brukt kring 4.15 millionar kroner på dette arbeidet i fjor.
Tar opp kampen
— I Sverige og Danmark har dei gitt opp kampen, og det viser seg at planter kan bli resistente mot bakterien over tid. Her i landet har me ennå såpass kontroll at me tar opp kampen, forklarer Bjordal.
Hordaland og Rogaland er dei einaste fylka i landet der det er oppdaga utbrot, og det er hovudsakleg i ytre strøk at sjukdommen finst. Den sjuke planten som blir vist fram i Vikebygd er av typen bulkemispel. Mispelartane, som er populære prydevekstar i parkar og hagar, blir svært lett råka av sjukdommen. Ofte går pærebrannen frå desse plantene og vidare til eple- og pæretre. I dag blir det halde møte på Karmøy for å planlegge vidare tiltak for å få bukt med sjukdommen, og etter møtet kjem Melbøe til å ta turen til Vikebygd for vidare inspeksjon.
Ingen nåde
— Det skal lærast opp ein person i Vikebygd som kan halde oppsyn der, forklarer Melbøe.
Det er ingen nåde for hageeigarar som får bakterien på sine plantar. I tråd med norsk lov har overvakingspersonell plikt på seg til å reinske vekk alt som er smitta, og i tillegg spreie røtene med gift for å hindre at planta veks opp igjen. Både landbrukssjefen og Mattilsynet oppmodar folk om å ta kontakt dersom dei mistenker utbrot av pærebrann.
—På sikt tener ein på å fjerne bulkemisplane, poengterar Melbøe.
Han seier at typiske teikn på sjukdomen er at tuppane bøyer seg og at det blir svart inne med stilkfestet.