Pangstart for Vikedal Vertshus

Ein kunne knapt fått ein betre start då Vikedal Vertshus opna førre torsdag. Eigarane og […]

Ein kunne knapt fått ein betre start då Vikedal Vertshus opna førre torsdag. Eigarane og kokken Jon Bjarte Aarekol, som driv vertshuset, prøvde å halda opninga tett for brystet, men ryktet gjekk fort.
— Me har ikkje annonsert noko som helst, men då folk fekk vita at me skulle opna, gjekk ryktet fort. Dei fastbuande og turistane var jo spente på korleis det har blitt her og hadde lyst til å komma, seier Jon Bjarte Aarekol. Mellom tre og fire hundre personar var innom vertshuset i festivalhelga, noko som låg godt over det Aarekol hadde førebudd seg på. — Det har vore skremmande mykje folk her. Så mykje at me nesten ikkje fekk tid til å ta vare på gjestene så godt som me ville, men alle eg har snakka med har gitt gode tilbakemeldingar, seier han.
Skryt over maten
På gourmetmenyen i helga var hovudrettane lammelår og hjortesteik, i tillegg til pizza. Nokre av produkta prøver han også å skaffa frå lokale produsentar, der Vikedal Gardsmat er ein god leverandør. Grunna den store pågangen i helga, vart det mykje varer som gjekk tomt, og på søndagen var det berre råvarer til å laga pizza.
— Pizzaen her er den beste du kan få tak i, skryt Ole Sigve Leifsen, som var gjest på søndagskvelden. Dei andre gjestene hadde også berre gode tilbakemeldingar. Ute på den overbygde terrassen sat folk og naut solnedgangen femti meter frå stranda med ein nydeleg utsikt.
— Det er ikkje mange plassar som ligg så fint til som her, smiler Aarekol.
Planlegg ulike arrangement
I slutten av august reiser dei fleste turistane frå Vikedal og vertshuset trappar difor ned på opningstidene. Til hausten vert det faste middagar på torsdagar og søndagar, i tillegg til ulike arrangement på huset. Jon Bjarte Aarekol, som også driv Matmonsen, kjem også til å levera bedriftsmiddagar og ha utleveringar heile vekene. I september er det planlagd hjortefestival der vertshuset skal ha viltmeny heile veka.
— Me har prøvd å få tak i lokal hjort til hjortesteika, men det var ikkje så lett. Til neste år skal me i alle fall ha den lokale hjorten på plass på tallerken. Det vert meir spennande når ein kan sjå det i samanheng, seier Jon Bjarte Aarekol.
Aarekol har halde på med mykje av den same matlaginga dei siste fem åra. Nå som han har tatt steget fullt ut, vil han også ta steget høgare i matlaginga.
— Me vil prøva å få inn meisterkokkar som kan lære oss kokkar på huset meir nytt. Det har blitt mykje av det same i den tida eg har halde på, seier han.
Til helga står Sommarfestivalen i Vikedal for tur, og Aarekol trur det vil bli mykje meir folk enn det var førre helg.
— Til helga veit nok endå fleire om vertshuset, så eg trur det vil bli ganske mykje besøk. Me skal i alle fall ha nok varer på lager, smiler han.