Plantevernmiddel må stoppast

Det seier stipendiat og lege Karl-Christian Nordby, som har leia forskinga ved Stami, til Nationen. […]

Det seier stipendiat og lege Karl-Christian Nordby, som har leia forskinga ved Stami, til Nationen. Resultatet av forskinga blei sist måndag presentert av helsemagasinet Puls på NRK1.

Det er sprøytemiddelet mancozeb som får «ansvaret» for dei alvorlege helseskadane. Mange potetbønder som er utsette for tørråteangrep er heilt avhengige av å bruka sprøytemiddel. Tørråte kan føra til at opptil 50 prosent av avlinga går tapt. I følgje Stami blir det sprøyta om lag 50 tonn mancozeb over norske potetåkrar kvart år. Resultat av tidlegare undersøkingar viser dessutan at mancozeb utviklar farlege giftstoff under lagring.

I midten av juni skal Mattilsynet sin vitskapskomité vurdera om middelet skal trekkjast frå den norske marknaden. Grunngjevinga for at Mattilsynet ikkje har stoppa salet straks, blir forklart med at det er stor trong for middelet i kampen mot tørråte.
Alle som driv med potetdyrking veit at tørråte må bekjempast, elles kan dei berre gi opp. Me har derfor forståing for at det blir nytta plantevernmiddel i kampen mot tørråte. Men bruken må ikkje skje på kostnad av ufødde barns liv. Det er altfor mange døme på kva ukyndig bruk av plantevernmiddel har ført til. Me kan berre tenkja tilbake på bruk av DDT og beisa korn. Me er derfor heilt på linje med leiarartikkelen i Nationen torsdag, som krev av plantevernmiddel som inneheld mancozeb må forbys straks. Her må førevar-prinsippet nyttast og ikkje «me får sjå korleis det går». Til det står det altfor for mykje på spel.