Pol farlegare på landbygda

Ap-politikaren Håvås har fått skryt for at han tonar flagg og ytrar prinsipielle haldningar trass […]

Ap-politikaren Håvås har fått skryt for at han tonar flagg og ytrar prinsipielle haldningar trass i at eit nei til vinmonopol neppe er det beste valflesket han tar med seg til valet i nye Vindafjord. Det er rosverdig å ha prinsipielle haldningar og å vere kritisk til alkoholbruk, men i dette tilfellet burde han kanskje stikke fingeren litt i jorda. Å markere sterk motstand mot pol er ei symbolsak som Håvås aldri vil vinne fram med.

Problemet med å vere prinsipiell og restriktiv i alkoholpolitikken, er at ingen andre er det. Ein kan stille spørsmål ved kva som er logikken i at det som er gale på landsbygda i Ølen, ikkje er det i byen ein halv time unna.
Håvås har vore med i politikken ei stund, men han har neppe ansvaret for at distriktet han går til val som ordførar i, har den mest liberale skjenkjepraksisen i heile landet. Pragmatisk alkoholpolitikk er å bidra positivt der ein kan gjere noko, og ikkje melde seg ut med alt for urealistiske standpunkt.

Bak etableringa av distriktspol som Bondevik-regjeringa er med på, er det også ein alkoholpolitisk tanke. Dersom monopolet skal la seg forsvare i framtida, så må folk over heile landet ha eit rimeleg godt tilbod. Alternativet kan bli at vinmonopolet mistar støtte i det norske folk.
Det er uomtvisteleg at til lettare tilgangen er, dess større er forbruket av alkohol. Men forbodslinja har aldri vunne fram i Noreg. Difor kan det beste vere å stikke fingeren i jorda og la heile landet få del i polordninga, heller enn å stille den i miskreditt.