Politikk i administrasjonen

Når vendingar som «gardsslakt», «vinningsøyemed», «profitt som drivkraft» og «skylappar for å nå målet» vert […]

Når vendingar som «gardsslakt», «vinningsøyemed», «profitt som drivkraft» og «skylappar for å nå målet» vert brukt i saksframlegget, er det på sin plass at formannskapet reagerar. Det er ikkje desse orda og uttrykka som skal brukast i argumentasjonen for administrasjonen si innstilling i ei sak. Innbyggjarane har uansett krav på å bli behandla med meir respekt enn det.

Slik situasjon er no, kan ikkje kommunen vera kjent av. Rådmann Helge Thorheim lovar difor å ta tak i den konkrete kritikken og dei politiske signala politikarane gir. Det er også det einaste han kan gjera når kritikken er så samla som her.
I ein kommune skal det vera klar skilnad på politikk og administrasjon. Det er dei folkevalde som skal styra politikken, medan administrasjonen skal halda seg vekke frå det. Problemstillinga er ikkje unik for Vindafjord, og det finst mange dømer på at politikarane i kommunar føler seg overkøyrde.

Men også politikarane må følgja dei retningslinjene som ligg. Dette skal administrasjonen sjå til at skjer, men det må skje med bakgrunn i lovverk og reglar. Ein saksbehandlar i kommunen skal vera nøytral i ei sak, og eigne meiningar og haldningar skal på ingen måte komma fram i sakshandsaminga.
Sjølv om Vindafjord skal vera ein ja-kommune, kan det ikkje bli slik at alle skal få lov til alt. Det ligg også sentrale føringar som kommunen må ta omsyn til, strandsoneproblematikken er ei slik. At politikarane vil at administrasjonen skal vera litt rundare i kantane av lovfortolkinga, må ikkje bety at kommunen skal vera slepphendt. I så fall vil korrigeringane raskt koma frå både fylkesmann og departement.