Promille i kontroll

Ein 35 år gammal mann frå Stord vart tatt i ein promillekontroll på E134 like […]

Ein 35 år gammal mann frå Stord vart tatt i ein promillekontroll på E134 like aust for Ølen sentrum på tysdag ettermiddag. Blåsetesten viste 1,86 i promille, og det vart deretter tatt blodprøve av mannen. Turen hans hadde starta i Etne før han køyrde inn i ein kontroll klokka 15.25. Politiførstebetjent Arild Austrheim meiner det er bekymringsfullt når fire sjåførar er tatt for kombinasjonen rus og bil sidan natt til laurdag. — Vi kom tilfeldig over fleire av dei, og vi kan snakke om ein trend. Difor vil vi prioritere å ha ein del promillekontrollar i tida framover, seier Austrheim.